Regelverk om dokumentasjonskrav
Lover og reglar
Alle dine påstandar eller merknader i saka som er av verdi, må du som regel dokumentere. Patentstyret kan til dømes ikkje leggje til grunn at retten til eit varemerke er oppstått på grunn av innarbeiding med mindre dette blir dokumentert. Sjå varemerkelova § 3 tredje ledd.
Vi skal tas omsyn til "verknader av bruk" av varemerket ved vurdering av om eit varemerke kan registrerast. Du må dokumentere at ein slik verknad av bruk finst. Sjå varemerkelova § 14 tredje ledd.
Kravet om dokumentasjon kjem til uttrykk ved at retten til varemerket berre kan overførast viss rettsforholdet blir "godtgjort". Sjå varemerkelovå § 28.
Ei motsegn skal innehalde nødvendig dokumentasjon av forhold som motsegna støttar seg på. Sjå varemerkelova § 26 andre ledd bokstav d.
Lova gir utrykk for at viss du påstår at du har ein varemerkerett, må du leggje fram dokumentasjon som støttar dette (beviskrav og bevisbyrde). Det er ikkje tilstrekkeleg at du påstår at det herskar liten tvil om at varemerket er i bruk, innarbeidd eller velkjend. Eit minstekrav er at du viser til ei verifiserbar kjelde, til dømes ein artikkel i ei seriøs avis eller tidsskrift, ein reklamebrosjyre eller liknande. Viss du viser til ei nettside, må du leggje ved ei datert utskrift frå sida.
Det er viktig å vere klar over er at teikn som utelukkande består av ei form som følgjer av varens art, er nødvendig for å oppnå eit teknisk resultat eller tilfører varen ein betydelig verdi, ikkje kan innarbeidast, jf. varemerkelova § 2 andre ledd.
Kva for betyding har dokumentasjon?
Dokumentasjon for bruk av eit varemerke kan ha betyding for:
- om du kan oppnå ei registrering av eit varemerke (ved manglande særpreg)
- om du har ein varemerkerett (vern og verneomfang - registreringshindring eller ugyldigheitsgrunn)
- om du er rett eigar til varemerket
- om varemerkeretten din skal bestå eller opphøyre (bruksplikt, degenerering med meir)
Framlegging av dokumentasjon er blant anna relevant ved følgjande merknader:
- Ved registrering skal det takast omsyn til verknaden av bruk, jf. varemerkelova § 14 tredje ledd.
- Ein innarbeidd rett finst, jf. varemerkelova § 3 tredje ledd.
- Eit velkjent merke finst, jf. varemerkelova § 4 andre ledd.
- Varemerket er tatt i bruk og søkjar kjende til denne bruken, jf. varemerkelova § 16 bokstav b.
- Varemerket er tatt i reell bruk, jf. varemerkelova § 37
- Du eller han som krev motsegn er rett eigar av merket, jf. varemerkelova § 21 og § 28.
- Varemerket er degenerert med meir, jf. varemerkelova § 36.
Kva for dokumentasjon er relevant?
I utgangspunktet vil all dokumentasjon som viser faktisk bruk av eit varemerke vere relevant for vurderingan. Døme:
- Fakturaer, reklamebudsjett, salstal, marknadsandel og marknadsundersøkingar
- Reklamemateriale: Blant anna: brosjyrer, publikasjonar, løpesetlar, avisannonsar, radio- og tv-reklamar og liknande.
- Bruk av varemerket på Internett: Blant anna: på heimeside, annonsering på bloggar eller andre kommunikasjonsnettsider.
- Medieomtale: Blant anna: avisutklipp, ukebladsartiklar, radioreklamesnuttar, tv-reklamesnuttar.
- Avtalar mellom partane
- Årsoppgåver og andre offisielle dokument
- Emballasje, etikettar og liknande.
- Forhandlarerklæringar og vitneforklaringar: Vi mottek dette sjeldan, og dei tilleggjast normalt lita vekt, jf. EU-domstolen si T-262/04 Bic, premiss 78 flg. og Lassen/Stenvik: Kjenneteiknsrett s. 254 (256).
Kva må dokumentasjonen vise?
I EU-domstolen si sak C-25/05 P, August Storck KG v. OHIM, blei det i premiss 75 uttalt:
"... in order to assess whether a mark has acquired distinctive character following the use which has been made of it, the following may also be taken into account: the market share held by the mark; how intensive, geographically widespread and long-standing use of the mark has been; the amount investedby the undertaking in promoting the mark; the proportion of the relevant class of persons who, because of the mark, identify goods as originating from a particular undertaking; and statements from chambers of commerce and industry or other trade and professional associations..." (vår utheving)
Fråsegna ovanfor gir eit generelt utrykk for kva dokumentasjonen må vise ved spørsmålet om eit varemerke har oppnådd særpreg. Dei same momenta må leggjasttil grunn ved vurderinga av om det føreligg ei registreringshindring eller ugyldigheitsgrunn, og om vernet sitt opphøyr.
Dokumentasjonen må vise:
- Faktisk bruk av varemerket (merkebruken). Varemerket som du ønskjer å få registrert må vere brukt som eit kjenneteikn og ikkje som ei beskrivande forklaring eller utelukkande som eit føretaksnamn. Varemerket som er brukt må vere tilnærma likt det varemerket som du ønskjer registrert. Men dokumentasjon som viser at varemerket er brukt saman med andre element, kan vere relevant, jf. C-353/03, "Have a break...have a Kit Kat", premiss 32 og C-24/05, Storck I, premiss 59. Dokumentasjonen må også vise kva slag varemerke som er innarbeidd eller er velkjend, slik at det er mogleg å fastslå vernet sitt omfang. Viss dokumentasjonen skal vise reell bruk, vil det vere avgjerande om dokumentasjonen viser bruk av merket slik det er registrert eller i ei form som berre skil seg frå den forma det er registrert i ved enkelte delane som ikkje endrar særpreget. Her vil reklamemateriale, bruk på internett og medieomtale vere særleg eigna som dokumentasjon.
- For kva varer/tenester. Dokumentasjonen må vise kva for varer og/eller tenester varemerket er brukt for. Dokumentasjonen vil vere avgjerande for kva slag varer/tenester varemerket har oppnådd særpreg for, vernet sitt omfang og kva for varer/tenester varemerket er tatt i reell bruk for.
- Når bruken har funne stad.
- Verknaden av bruken føre søknadsdagen, jf. varemerkelova § 14 tredje ledd.
- Retten til det innarbeidde eller velkjende merket må finnast på søknadstidspunktet, jf. varemerkelova § 7.
- Reell bruk av merket må dokumenterast dei siste fem åra før det reisast sak om sletting, jf. varemerkelova § 37.
- Rettsverknadene knyttast her til bestemte tidspunkt. Dokumentasjonen må derfor vere datert og vise bruk i den relevante perioden. Bruk etter at søknaden er levert inn, vil ikkje tilleggast vekt. Unntak kan til dømes vere for marknadsundersøkingar og forskjellige erklæringar som er gjort kort tid etter søknadstidspunktet, da desse vil kunne vise kjennskap til merket føre søknaden si innlevering.
Når det gjeld bruk av merket på Internett, må det sendast inn daterte utskrifter. Bakgrunnen for dette er at slike nettstader kan vere under kontinuerlig forandring og ei henvising til ei webadresse vil derfor berre vise bruken på besøkstidspunktet. Vidare kan slike webadresser forsvinne eller endras, og dermed miste dokumentasjonsverdi. Ei nyttig nettside for utskrifter av heimesider er www.archive.org. Ved å søkje på "wayback machine" på denne nettstaden får du opp heimesida slik den var på forskjellige datoer.
- Bruken si geografiske utstrekning. Når det gjeld særpreg, innarbeiding og velkjende merke, må varemerket ha vore brukt i store delar av Noreg, det vil seie i dei største byene og i alle landsdelane. Ei lokal innarbeiding kan berre begrunne ein tilsvarande lokal einerett, og gir derfor ikkje grunnlag for å registrere varemerket med verknad i heile Noreg, jf. Annen avdeling si avgjerd nr. 7475, Louis Vuitton. Ein lokal innarbeidd rett kan fungere som ei registreringshindring, men ikkje som ein ugyldighetsgrunn. Også når det gjeld reell bruk må merket ha vore brukt i Noreg.
- Omfanget av bruken. Kor mykje bruk som skal til, varierer frå sak til sak og frå grunnlag til grunnlag. Når vi vurderer særpreget til varemerket vil normal bruk over mange år eller intens bruk over kort tid, kunne vere tilstrekkeleg. Jo mindre særprega eit varemerke er, desto større grad av innarbeiding må dokumenterast. Det skal mykje til for at eit beskrivande varemerke kan bli tilstrekkeleg innarbeidd som varemerke, jf. Rt. 2005. s.1601, Gule Sider, premiss 48.
For å oppretthalde registreringsvernet ved reell bruk bli det kravt berre ein viss marknadsføringsaktivitet som viser ei merkantil interesse i retten. Du må derfor dokumentere kor lang tid bruken har vore og kor intens den har vore. Salstal, marknadsføringskostnader /reklamebudsjett og særleg marknadsdel er dei såkalla "harde fakta" som er godt eigna til å vise omfanget av bruken. Ved bruk på internettsider må du dokumentere tal på reelle besøk (unike brukarar) på den aktuelle nettsida. Når det blir vist til talet på følgjarar og "likes" på sosiale medium, så må det godtgjerast at desse brukarane tilhøyrer den norske omsetningskrinsen. Dei fleste sosiale medium har funksjonar som tillèt profesjonelle brukarar å hente ut demografiske data. Vi viser til dei enkelte nettsidene for meir informasjon.
Les meir om marknadsføringsundersøkingar som bevismiddel
- Kven som er rett eigar av varemerket. Her vil tidlegare arbeidsforhold og kommunikasjon /avtalar mellom partane vere sentral dokumentasjon.
Krav til skildring av dokumentasjonen
Tvistelova gjeld for forliksråda og domstolane, men sidan Patentstyret sine avgjerd kan prøvast ved ein domstol, er det nær samanheng mellom dei beviskrava som gjeld for forvaltninga og bevisreglane i sivile saker, jf. Graver, Alminnelig forvaltningsrett 3. utg. s. 488. Vi viser til forvaltningslova § 17 og til dei alminnelege bevisreglane som kjem til utrykk i tvistemålslova § 21-6 andre ledd og § 21-7 andre ledd.
Det påligg den som leverer inn dokumentasjon å forklare kva dokumentasjonen skal vise. Kravet til forklaring skal sørgje for at saka blir tilstrekkeleg opplyst.
I saker med fleire partar vil ei skildring av dokumentasjonen setje motparten i stand til å gjere seg kjend med materialet, og imøtegå påstandane som dokumentasjonen skal underbyggje (omsynet til kontradiksjon). Ei skildring av dokumentasjonen vil vidare kunne framheve kva som er særleg viktig overfor Patentstyret. Ved særleg omfattande og fragmentert dokumentasjon som skal sjåast i samanheng, vil det kunne vere nødvendig at du legg ved ei forklaring kor du systematiserer dokumentasjonen. Det er til slutt ikkje Patentstyret si oppgåve å leggje saman større materiale for å finne den totale bruken.
- Består dokumentasjonen av informasjon om bruk, må du forklare kor i dokumentasjonen bruken kjem til utrykk, i kva for ein tidsperiode bruken er gjort og kor bruken geografisk har funne stad. Den totale bruken må også leggjast saman (summerast). Levere du ei marknadsundersøking, må denne beskrivast, sjå Tolkningsuttalingar vedrørende marknadsundersøkingar. Manglande klargjering kan medføre at Patentstyret ikkje tar omsyn til dokumentasjonen.
Døme: Viss dokumentasjonen består av 70 liknande fakturaer, må du informere om at det er levert inn totalt 70 liknande fakturaer, minst éin av fakturaene må beskrivast, du må oppgi kva for ein tidsperiode fakturaene strekk seg over, at fakturaene viser bruk i Noreg og at desse til saman viser tal på selde varer/tenester. Viss bruken av eit varemerke er med i ein artikkel eller ein reklame må du vise (markere) kor i artikkelen/reklamen bruken kjem til uttrykk. Viss du har vist til marknadsførings- eller salstal over fleire år, så må du oppgi det totale omfanget av bruken.
Krav til fleire eksemplarer av dokumentasjonen
Som nemnt ovanfor vil omsynet til kontradiksjon vere relevant i saker med fleire partar, herunder motsegnssaker og krav om administrativ overprøving. All dokumentasjon som enkelt kan kopierast/skannast, vil bli kopiert og skanna av Patentstyret, og sendt til motparten. Det er derfor ikkje nødvendig å sende over meir enn eitt eksemplar av slik dokumentasjon. Dokumentasjon som ikkje kan kopierast/skannast på ein enkel måte må innleverast i to eksemplar. Som døme på slik dokumentasjon er:
- enkeltdokument som er større enn A4 (21 cm x 29,7 cm)
- hefter, bøker, tidskrifter
- CD, DVD
- fysiske vareeksempler
Språkkrav
§ 6. Språkkrav
Dokument som ikkje er søknaden, kan vere på norsk, dansk, svensk eller engelsk. Viss dokumenta er på eit anna språk, kan Patentstyret krevje at søkaren skal levere ei omsetjing til norsk innan ein frist som Patentstyret fastset. Patentstyret kan også krevje at omsetjinga stadfestast av ein statsautorisert omsetjar. Patentstyret kan i det enkelte tilfelle godta anna språk enn dei som er nemnt i første ledd.
§ 53. Språkkrav for etterfølgjande dokument
Dokument som gjeld varemerkeregistreringar, herunder dokument i saker om motsegn, overføring, administrativ overprøving eller klage m.m., skal vere på norsk, dansk eller svensk. Det same gjeld dokument som omhandlar internasjonale registreringar frå andre enn Det internasjonale byrået, herunder for dokument i sak om fornya vurdering etter § 48. Er eit dokument på anna språk, kan Patentstyret krevje at du leverer ei omsetjing til norsk innan ein frist som Patentstyret fastset. Sjå varemerkeforskrifta §§ 6 og 53.
Innsynsrett og krav om at dokumentasjon unntakast offentlegheita
Einkvar har innsynsrett i saka sine dokument, jf. varemerkelova §§ 25, 31, 48, 51 siste ledd og 76. Enkelte opplysningar kan haldast unna offentlegheita viss du krev det, jf. varemerkelova § 25 andre ledd.
For næmare informasjon om kva som kan unntakast offentlegheita, ta kontakt med Patentstyret. Vi mottek ei rekkje brev kvar dag. Det er derfor viktig at krav om unntak frå offentlegheita kjem klart fram i brevet si innleiing. Temaet er behandla i Lassen/Stenvik: Kjennetegnsrett s. 243 flg.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Patentstyret, Design- og varemerkeavdelinga, seksjon 3 (vakttelefonen),
ev. juridisk seniorrådgivar Tord Hestenes.