Hopp til hovedinnholdet

Det er ikkje mogleg å logge på med ID-porten

Det er ikkje moleg å bruke Søknadsveiviser og andre tenester som krev pålogging med ID-porten. Vi jobbar med å få til ei løysning og beklagar ulempane med dette.

Søk i databasene våre
Containerhavn med mange containere.
Foto: iStockPhoto

Internasjonal varemerkeregistrering

Viss du tenkjer å selje eller produsere i utlandet, kan det vere ein stor fordel å ha ein internasjonal varemerkesøknad i botnen. Då vil du stille sterkare både overfor konkurrentar og produsentar.

Kvifor bør du registrere varemerke internasjonalt?

Viss du produserer utanlands, er det ein viss risiko for at ein produsent kopierer produkta dine og sel dei til andre på eiga hand. Dermed får du ein uønskt konkurrent og kan risikere å tape pengar.

Skal du selje i internasjonale marknader, er det smart å ha registrert varemerka først. Då er det mindre sjanse for at konkurrentar kjem på banen med kopiprodukt. Du vil sannsynlegvis også enklare få distribusjonsavtalar i utlandet viss du har varemerkeregistrering som viser at du er seriøs og har verdifulle produkt.


I kva land bør du søkje?

Ei varemerkeregistrering har berre vern i det landa namnet er registrert. Viss du ikkje har registrert rettane dine i tide, risikerer du å bli utestengd frå marknader som er viktige for deg. Du bør derfor vurdere nøye i kva land du ønskjer å bruke varemerket ditt, slik at du sikrar deg marknadstilgang.

Det er lurt å registrere varemerket i det landa produksjonsprosessen går føre seg. Viss du har etablert varelageret ditt i utlandet, eller vurderer å etablere slike i framtida, bør du også sikre rettane dine til namnet i desse landa, før andre gjer det.

Jo fleire land du ønskjer å registrere varemerket ditt i, jo dyrare blir det. Eit godt råd vil vere å rangere marknadene frå det største til det minste, for så å prioritere kva marknader som er viktige for deg.

Du bør tenkje strategisk når du bestemmer kva land som er attraktive for deg, og om du skal søkje med prioritet frå Noreg eller ikkje. Enkelte land har reglar om bruksplikt, og nokon krev at du kan vise til bruk før ei eventuell registrering eller fornying av eit varemerke. Kva land du skal søkje i er ei viktig strategisk avgjerd, så det kan vere lurt å kontakte ein fullmektig før du gjer store investeringar.

Når bør du søkje?

Du må søkje innan 6 månader etter at du har levert i søknaden i Noreg.

Korleis søkjar du?

Det finst internasjonale ordningar som gjer at du slepp å søkje i kvart enkelt land. Viss du skal bruke varemerket ditt i fleire EU-land, kan du sende ein søknad til EUs varemerkestyresmakt EUIPO. Du kan også nytte ei internasjonal søknadsordning som blir kalla Madrid-protokollen. Ved å sende éin søknad kan du søkje vern i mange land samtidig.

Madridprotokollen blir administrert av World Intellectual Property Organization (WIPO) i Genève. Hovudprinsippet i ordninga er at ein varemerkesøknad eller -registrering som er innlevert i eit av medlemslanda, kan søkjast om å bli gjord gjeldande også i andre medlemsland. Du søkjer via nettsidene til World Intellectual Property Organization (WIPO) og deira Madrid e-filing portal.

Kvart enkelt land vil så vurdere om registreringa skal få vern i landet.

Les meir om desse to ordningane

Behandlingstid

Behandlingstida i dei respektive landa kan variere, men er ikkje over 18 månader. Viss varemerket ikkje er nekta innan denne fristen, er varemerket å rekne som verna i det aktuelle landet.

Har du spørsmål?

Kundesenteret vårt hjelper deg gjerne viss du lurer på noko rundt internasjonal varemerkeregistrering. Du treffer dei på telefon 22 38 73 00.


Fann du det du lette etter?
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: