Velgekte_Bedrift960.jpg

Korleis unngå problem med piratkopiering når du driv bedrift?

Piratkopiering er ikkje ei uskuldig form for kriminalitet utan offer. Piratkopiar kan skade forbrukarane si helse og tryggleik. Piratkopiar skadar merkevarene sitt omdømme og forbrukarane kan miste tilliten til kvaliteten til dei ekte produkta.

Innovasjon krev pågangsmot og ressursar, og inneber risiko for dei verksemdene som er villige til å vere nyskapande. Det er viktig å sikre seg så godt som mogleg mot piratkopiering slik at fruktene av nedlagd arbeid tilkjem deg, og ikkje den som snyltar på innsatsen din.

Piratkopiar angår i dag så å seie alle bransjar og produkttypar, som til dømes matvarer, hushaldsartiklar, leiker, elektronikk, flydelar, bildelar, insektsmiddel, sigarettar, møblar osv. Også komponentar og delar til vidare produksjonsliner blir piratkopiert i stort omfang.

Hedvig Bengston, seniorrådgjevar i Patentstyret og prosjektleiar for velgekte.no, fortel at ein del norske bedrifter tar det som eit kompliment viss produkta deira har så stor suksess at dei blir kopiert.

- Men når ein skal begynne å gå etter dei som piratkopierer, er det kanskje ikkje så gøy lenger likevel, seier ho.

Velgekte.no er ei opplysningsside for piratkopiering og varemerkeforfalsking, og er eit samarbeid mellom Patentstyret, Kulturdepartementet og Tolletaten, etter oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Bengston forklarer at piratkopiering kan føre med seg økonomiske problem for merkevaren.

- Piratkopiene kan ta urettmessige marknadsdelar, vatne ut det originale produktet ditt, gi dei ekte produkta utfortent dårleg renommé og koste bedrifta mykje tid og pengar å bli kvitt. Det aller viktigaste utgangspunktet for å vinne kampen mot piratkopiar er å registrere rettane sine, fortset ho.

Tolletaten passar på

Både i Noreg og i utlandet kan du som innehavar av immaterielle rettar be tollmyndigheitene om hjelp til å stoppe piratkopiar. Du kan gi informasjon til tollmyndigheitene som gjer det enklare for tolltenestemenn å avdekkje ulovlege kopiar.

- Tolletaten kan utføre denne oppgåva på vegner av alle typer føretak så lenge føretaket har rettane til eit brand, design etc. registrert i Patentstyret sin database. Dette betyr i praksis at rettane ikkje kun kan vere registrert i utlandet, men også må vere registrert i Noreg, forklarer seniorrådgjevar i Tolldirektoratet, Elisabeth Nettum.

Tolletaten har ei open liste over aktive vedtak her.

- Desse firmaene har gått rettens veg fordi dei er klar over at dei blir kopiert, og dette gir tolletaten ein noko lettare saksgong. Tingretten varslar tolletaten om at vi skal søkje og stanse produkt med visse kjenneteikn. Denne avgjerda varer eitt år, fortel Nettum.

Ho påpeiker at dersom rettshavaren ikkje har eit vedtak, kan ein likevel søkje hjelp direkte frå tolletaten. Søknadsskjema finn du her. I tillegg passar tolletaten også på sjølv. 

-Tolletaten kan også agere på eget initiativ dersom vi mistenkjer ein kopi utan at det foreligg eit vedtak, eller at firmaet har søkt direkte. Varene vil bli heldt tilbake i påvente av ein eventuell reaksjon frå rettshavar, forklarer Nettum. 

ElisabethNettum_Toll500.jpg

Seniorrådgjevar i Tolldirektoratet, Elisabeth Nettum. Foto @ Inne Rikke Åserud, Hus&Bolig

Her er tips frå velgekte.no for å unngå piratkopiering

  • Søk jamleg i marknaden etter piratkopiar
    Ein måte å avdekkje kopivarer på, er å kontrollere marknaden gjennom jamlege og systematiske søk på marknadsplassar og på interntett.
  • Merk varene dine med unike kjenneteikn - anti-piratkopieringsteknologi
    Mange kopivarer ser tilsynelatande identiske ut som dei originale produkta.  «Genuine fakes» eller «ekte kopiar» kan vere vanskeleg å avsløre. For å gjere det lettare å avdekkje kopiar, vel fleire verksemder å merke produkta sine med hemmelege kjenneteikn, gjerne ved hjelp av ulike teknologiske metodar.
  • Publiser liste over autoriserte forhandlarar
    Verksemda di kan publiserer ei liste over autoriserte forhandlarar på nettsida dykkar. På den måten vil både kundar og forhandlarar kunne fatte mistanke og melde fra viss dei oppdager at varer blir selde gjennom andre mistenkelege kanalar.
  • Gjer avtalar med marknadsplassar på nett
    Som varemerkeinnehavar kan du ta initiativ til å inngå avtalar og samarbeide med dei som driv marknadsplassane på internett. Gjennom eit slikt samarbeid kan du hjelpe til med å identifisere falske produkt, bidra til å fjerne annonsar og stengje ute annonsørar som gjentatte gongar krenker dine rettar.
  • Outsourcing, samarbeidspartnarar og underleverandørar - ha klare avtalar om dine immaterielle rettar
    Viss verksemda vel å skilje ut produksjon, til dømes til land i Austen, er det viktig å ha avtalar og utvikle retningsliner for handtering av immaterialle rettar. Sørg for at dei immaterielle rettene dine ikkje berre er registrerte i dei landa der du sel produkta dine, men også i det landet du ønskjer å leggje produksjonen.
  • Pakking av ekte merkevarer
    Ved å gjere kvantumspakkene og forpakninga av dei ekte merkevarene så distinktive som mogleg, gjer du det vanskelegare for dei som ønskjer å piratkopiere. Informasjon om utsjånaden på forpakninga av ekte varer kan delast med tollmyndigheitene.

Sjå velgekte.no for meir informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking

Artikkelen blei først publisert i innomag.no ved Torill H. Henriksen

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: