Kva betyr symbola som blir brukte for varemerke og opphavsrett?

Du har kanskje sett symbola ®, © og TM og lurt på kva dei tyder?

Dette er symbol som mange brukar i marknadsføringa av produkt og tenester for å signalisere eit eigarforhold og for å halde konkurrentar på avstand.

® = Registrert varemerke

Viss du ønskjer å bruke ® må du søkje om å få merket ditt registrert. Du søkjer hos Patentstyret for registrering som skal gjelde i Noreg.

Les meir om varemerkeregistrering

Det kan vere eit brot på marknadsføringslova å bruke dette symbolet i tilknytning til ei vare eller teneste i Noreg viss du ikkje har registrert varemerket eller har rett til vara eller tenesta på annan måte.

For andre land og område finst det eigne registreringskontor og internasjonale ordningar.

Les meir om internasjonal registrering av varemerke.

TM = Trade Mark

TM står for Trade Mark, og dette symbolet kan du bruke sjølv om varemerket ditt ikkje er registrert. Det gir deg ikkje vern på linje med registrering, men det kan brukast som eit signal til marknaden om at det er å oppfatte som eit varemerke.

© = Opphavsrett

© er symbol for "copyright" – eller opphavsrett som det heiter i Noreg. Her er det ikkje noko krav til å registrere, men du må oppfylle krava i åndsverklova (lenka går til Lovdata) for å ha vern.

Les meir om opphavsrett

NB: P i sirkelen blir brukt i samanheng med kjemisk reinsing av klede.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: