Kva kan du registrere?
Ulike typar varemerke
Tips ved registrering av varemerke
Eit varemerke skal vere unikt
For å få einerett til eit varemerke gjennom registrering, må varemerket skilje dine varer og tenester frå andre sine. Det må derfor vere særprega slik at det ikkje berre beskriv produktet ditt. Det må også vere så ulikt andre sine varemerke at ikkje kundane forvekslar dei og trur dei kjem frå same produsent.
Særpreg:
Eit varemerke må ikkje berre fortelle om eigenskapar eller kvalitetar ved produktet ditt. Patentstyret kan ikkje gi einerett til ord som andre treng å bruke for å beskrive produktet sitt i marknadsføringa eller på annan måte. Eit varemerke må derfor ha særpreg for å skilje dine varer og tenester frå andre sine. Varemerket fungerer som eit garanti for at varene og tenestene kjem få éin bestemt produsent eller leverandør, og kunden skal derfor ut frå varemerket kunne kjenne igjen produktet, og få den kvaliteten ho forventar.
Døme:
- Eit slagord som WE KEEP OUR PROMISES kan vi ikkje utan vidare kunne gi einerett til. Alle må få lov til å seie det same om sine varer og tenester. Men, vi vil kunne registrere det viss du kombinerer det med eit meir spesielt ord, som til dømes STAUREA - WE KEEP OUR PROMISES
- Du kan ikkje få einerett til ØKERN BILMEKANIKER for tenester som inneber «reparasjon av bilar» sidan det berre fortel kor tenesta blir tilbydt, nemlig på Økern, og beskriv kva tenester som blir tilbydt. Men, viss du kombinerer dette med eit bilete eller figur som ikkje berre underbyggjer tydinga av teksten, til dømes ein ørn, kan du registrere det som eit kombinert merke.
Kombinert merke med beskrivande tekst:
Viss du får registrert eit kombinert merke med beskrivande tekst, er det viktig å vite at du ikkje får einerett til teksten i merket, men til merket som heile. Det betyr i utgangspunktet at andre fritt kan bruke den same teksten i si marknadsføring eller registrere den som varemerke saman med andre element.
Viss varemerket ditt ikkje har nok særpreg, kan du likevel registrere det viss du kan dokumentere at du har brukt merket slik at det er godt kjent i Noreg som eit kjenneteikn for dine varer eller tenester.
Les meir om innarbeiding:
Forvekselbare varemerke
Når Patentstyret behandlar ein varemerkesøknad, vurderer vi om det finst tidlegare registrerte varemerke som er til hinder for registrering av det merket du har søkt om. Vi vurderer om moglege kjøparar av dei varene eller tenestene det gjeld kan kome til å ta feil av varemerka, eller kome til å tru at det er ein samanheng mellom eigarane av varemerka. Les meir om forvekselbarheit
Er merket registrert av andre?
Du kan sjølv undersøkje om nokon har registrert eit varemerke som liknar på ditt. Bruk søkjetenesta vår.
Dersom nokon allereie har registrert eit identisk eller liknande varemerke som ditt, kan det likevel vere mogeleg å få det registrert viss:
- Du brukar merket for andre typer varer og tenester. Les meir om forvekselbarheit
- Du får samtykkje frå innehavaren av registreringa. Les meir om samtykke.
- Merket er eit kombinert merke, dvs. at det registrerte varemerket er ein logo med beskrivande tekst. Det kan vere at innehavaren ikkje har vern for sjølve teksten. Eit kombinert merke inneheld både ord og bilete, og då har dei ikkje nødvendigvis einerett til den beskrivande teksten i merket, men til merket som heile. Det betyr at andre fitt kan bruke den same teksten i si marknadsførig eller registrere den som varemerke med andre særprega element.
Villeiande varemerke
Patentstyret kan ikkje registrere villeiande varemerke. Eit varemerke er villeiande dersom ein del av kjøparane kan kome til å få feil oppfatning om vara eller tenesta. Dette kan gjelde blant anna kvaliteten, funksjonaliteten, mengda, prisen, formålet eller opphavslandet til produktet.
Døme:
- Dersom søkjaren ikkje er lege, vil varemerket DR. HAUSMANN, søkt for ortopediske sko, vere villeiande for forbrukarane. Forbrukaren som skal kjøpe ortopediske sko kan bli påverka til å kjøpe produktet fordi dei trur det er laga av ein lege.
- Ein logo med teksten MADE IN USA vil kunne vere villeiande dersom det står «klede laga i Vietnam» i lista over varer og tenester. På same måte vil eit varemerke som inneheld teksten FRANKRIKE vere villeiande dersom det er søkt for «ost frå Sveits», fordi teksten i merket viser til eit anna land enn det som står i lista over varer eller tenester.
Søk varemerke
Kor mykje kostar det å registrere eit varemerke i Noreg?
Spørsmål
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med kundesenteret vårt.