Bruk av flagg og riksvåpen i varemerke

Du kan bruke flagg ganske fritt så lenge du ikkje krenkjer flagget eller villeier publikum. Derimot er det strengare reglar for registrering av varemerke som inneheld flagg. Bruken av riksvåpenet er særleg strengt regulert.

Bruk av flagg

Du kan bruke flagg til å pynte med eller som informasjon på varer. Det er likevel lover og reglar som kan avgrense bruken, som marknadsføringslova sitt forbod mot villeiande marknadsføring. For eksempel vil det lett oppfattast som villeiande dersom ein sel «svensk sill» med norsk flagg på.

Flagg i varemerke og design

For å få registrert eit varemerke som inneheld eit flagg (norsk eller utanlandsk nasjonalflagg), må du ha samtykkje frå rett myndigheit i det aktuelle landet. Det same gjeld andre offisielle symbol som riksvåpen og kommunevåpen. Det er Utenriksdepartementet som gir samtykkje til bruk av det norske flagget i varemerke. Dei er generelt veldig restriktive med å gi eit slikt samtykkje.

Mange produsentar brukar det norske flagget som pynt på produkt, blant anna det italienske klesmerket Napapijri. Dei ville likevel ikkje fått samtykkje av Utanriksdepartementet til å registrere eit slikt varemerke som inneheld det norske flagget.

Dei same reglane gjeld også for design. Du må ha samtykkje for å få registrert eit design med flagg, men du kan bruke flagg på produktet så lenge det er i tråd med anna regelverk, som for eksempel marknadsføringslova.

Bruk av riksvåpen

Når det gjeld det norske riksvåpenet, er det mykje strengare reglar for bruk. Bruk av riksvåpenet signaliserer at ein er ei offentleg myndigheit. Bruken av riksvåpenet er fastsett i kongeleg resolusjon av 20. mai 1927, som bl.a. fastset: «Riksvåbenet må kun benyttes av Statens myndigheter i utøvelsen av deres offentlige virksomhet.» Det er ulovleg å bruke riksvåpenet på suvenirar og andre effektar. Tollvesenet beslaglegg frå tid til annan varer som kjem inn til Noreg med riksvåpenet på.

Les meir om reglane for riksvåpen (på regjeringen.no - PDF)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: