Prisar varemerke
- Varemerke
- Fellesmerke
- Ansvarsmerke
- Betaling av avgifter og gebyrer
- Prioritetsdokument og stadfestingar
- Lenker til regelverket
Varemerke
Søknadsgebyr varemerke
Når du leverer inn ein varemerkesøknad, skal du betala eit søknadsgebyr. Vi fakturerer dette gebyret.
- Søknadsgebyr for registrering i inntil tre klassar: kr 2900
- Tilleggsgebyr for kvar klasse viss du ønskjer å registrere varemerke i fleire enn tre klassar: kr 750
- Meir informasjon om klasser og klassifisering
Fornying varemerke
Registreringa varar i 10 år fra søknadsdatoen. Du kan fornye registreringa di kvart 10. år eit ubegrensa mange gonger. Vi fakturerer ikkje fornyingar, men du vil motta eit varselbrev ca 2 månader før registreringa opphøyrer.
- Fornyingssavgift i inntil tre klassar: kr 2600
- Tilleggsavgift for kvar klasse utover tre: kr 1000
- Tilleggsavgift der krav om fornying leverast etter utløpet av registreringsperioden (forseinkingsavgift): kr 550
- Meir informasjon om fornying
Andre avgifter og gebyr varemerke
- Søknad om endring i eit registrert varemerke: kr 1200
- Motsegn mot annan sitt registrerte varemerke: gratis
- Krav om administrativ overprøving av eit varemerke: kr 4000
- Krav frå tredjepart om sletting av eit varemerke: kr 1900
- Deling av søknad: kr 2900 for inntil 3 klassar og tilleggsavgift kr. 750 for kvar klasse over 3
- Gjenopptaking av søknadsbehandlinga: kr 550
- Melding om overdraging/fusjon: gratis
- Melding om namn/adresseendring: gratis
Vi fakturerer desse avgiftene og gebyra.
Internasjonal registrering varemerke
- For Patentstyret si behandling av ein søknad om internasjonal registrering av eit varemerke: kr 800. Gebyret vil bli fakturert.
- Andre avgifter og gebyr som nemnt i Madrid-protokollen betalast direkte til Det internasjonale byrå.
Fellesmerke
Søknadsgebyr fellesmerke
Når du leverer inn ein søknad om registrering av eit fellesmerke, skal du betala eit søknadsgebyr. Vi fakturerer dette gebyret.
- Søknadsgebyr for registrering i inntil tre klassar: kr 4000
- Tilleggsgebyr for kvar klasse viss du ønskjer å registrere varemerke i fleire enn tre klassar: kr 1650
Fornying fellesmerke
Registreringa varar i 10 år frå søknadsdatoen. Du kan fornye registreringa di kvart 10. år eit ubegrensa antal gonger. Desse avgifta vil ikkje bli fakturert, men du vil motta eit varselbrev ca 2 månader før registreringa opphøyrer.
- Fornyingsavgift i inntil tre klasser: kr 5150
- Tilleggsavgift for kvar klasse utover tre: kr 2100
- Tilleggsavgift der krav om fornying leverast etter utløpet av registreringsperioden: kr 1200
- Meir informasjon om fornying
Ansvarsmerke
Søknadsgebyr ansvarsmerke
Når du leverer inn ein søknad om registrering av eit ansvarsmerke, skal du betala ei søknadsavgift. Vi fakturerer denne avgifta.
- Søknadsavgift for registrering: kr 1000
Fornying ansvarsmerke
Registreringa varar i 10 år frå søknadsdatoen. Du kan fornye registreringa di kvart 10. år eit ubegrensa antal gonger. Desse avgifta vil ikkje bli fakturert, men du vil motta eit varselbrev ca 2 månader før registreringa opphøyrer.
- Fornyingsavgift: kr 700
- Tilleggsavgift der krav om fornying leverast etter utløpet av utløpsdato (forseinkingsavgift): kr 300
- Meir informasjon om fornying
Forskrift om registrering av ansvarsmerke (lenka går til Lovdata)
Andre avgifter og gebyr ansvarsmerke
- Krav om administrativ overprøving av eit ansvarsmerke: kr 2500
- Gjenopptagking av søknadsbehandlinga for ansvarsmerke: kr 500
Vi fakturerer desse avgiftene og gebyra.
Betaling av avgifter og gebyr
Alle betalingsfristane er absolutte. Du må derfor betale avgifta eller gebyret i god tid innan fristen for å unngå forseinkingsgebyr, og mogleg henleggeing av søknaden eller registreringa. Beløpet skal vere på Patentstyret sin konto innan utløpet av fristen.
Fornyingsavgifter kan betalast frå 12 månader før forfall og inntil 6 månader etter forfall, mot at det betalast ei tilleggsavgift. Du fornyer enkelt via søkjetenesta vår.
Vi godtek ikkje betaling av avgifter og gebyr med sjekk eller kontant.
Prioritetsdokument og stadfestingar
Lenker til regelverket
For meir utfyllande informasjon om avgiftene og gebyra for varemerke, sjå Lovdata: