Søk varemerke i Noreg

For å søkje om varemerkeregistrering i Noreg leverer du inn ein søknad om registrering av varemerke til Patentstyret. Både bedrifter og enkeltpersonar kan søkje.

Søk varemerke med søknadsvegvisaren

Gjennom søknadsvegvisaren kan du fylle ut søknaden, sende, betale og få kvittering i éin operasjon. Her vil kvitteringa vere tilgjengeleg i ettertid. Undervegs i prosessen får du nyttige tips.

Når du har levert søknaden din, vil all vidare korrespondanse i søknadsbehandlinga mellom deg og oss skje digitalt. Brev vil bli tilgjengeleg under "Mine meldingar" og i meldingsboksen din i Altinn.

Har du allereie starta ein søknad eller sendt ein søknad?

Gå til «Mine søknader under arbeid eller sendte søknader»

Andre måtar å søkje på

  1. Fellesmerke eller utradisjonelt varemerke: Du må bruke søknadsskjemaet vårt i Altinn dersom du skal søkje om fellesmerke eller eit utradisjonelt varemerke (for eksempel lydmerke eller tredimensjonalt merke).
    Søk via Altinn
  2. Du kan også bruke søknadsskjemaet vårt i Altinn dersom du vil velje mellom å betale online eller få faktura tilsende.
    Vêr merksam på at saksbehandlingstida vil då bli lenger. Dersom kort saksbehandlingstid er viktig for deg, bør du bruke søknadsvegvisaren (lenka øvst på sida).
    Søk via Altinn
  3. Har du ikkje norsk personnummer?
    Å lage ein digital varemerkesøknad krev innlogging, og dermed norsk personnummer. Dersom du ikkje har eit slikt nummer, må du bruke søknadsskjemaet i PDF- eller ODT-format. Dette skjemaet skal skrivast ut og sendast til Patentstyret med vanleg post, eller som vedlegg til e-post.
    Lenke til PDF- og ODT-skjema

Kva kostar det?

Bruker du søknadsvegvisaren for å lage søknaden din, får du korrekt pris kalkulert undervegs.
Sjå oversikt over prisar for varemerkeregistrering

Vedlegg

Ønskjer du hjelp?

Ta kontakt med oss i Patentstyret dersom du ha spørsmål om kva rett som passar best til verksemda di. Du kan ringje kundesenteret vårt på 22 38 73 00 og snakke med ein rettleiar eller ein saksbehandlar. Du kan også avtale eit møte med oss.

Søk varemerke i andre land

Viss du ønskjer å verne varemerket ditt i andre land, må du søkje registrering i det enkelte landet. Ønskjer du å søkje vern i mange land, kan det vere enklare og billegare å levere inn ein internasjonal registreringssøknad ved bruk av Madrid-protokollen eller søkje om registrering av EU-varemerke.  
Les meir om registrering av varemerket ditt i andre land

Fornying

Les meir om korleis du fornyer ei varemerkeregistrering

Andre typer skjema

Følgjande skjema finn du i PDF-format på sida Skjema:

  • søknad om registrering av ansvarsmerke for gull-, sølv- og platinavarer
  • administrativ overprøving av føretaksnamn
  • melding om overdragelse/fusjon
  • fullmakt
  • namne-/adresseendring
  • melding om lisens
  • andre endringar

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: