Rettleiing til utfylling av ein internasjonal varemerkesøknad

Sjå også WIPO si rettleiing MM2.INF.

Om søknadsskjemaet:

Skjema MM2 kan du laste ned frå WIPO si nettside. Du må fylle ut søknadsskjemaet med maskinskrift. Språket må vere engelsk. Send utfylt søknad til heimlandsmyndigheita, som i Noreg er Patentstyret.

Pkt. 1: Contracting party whose office is the office of origin

Skriv namnet på heimlandsmyndigheit, nemleg «NORWAY».

Pkt. 2: Applicant

Skriv inn namn og adresse. Det må vere same namn og adresse som er registrert i den norske basissøknaden/-registreringa. Oppgi telefonnummer. Vi anbefaler at du fyller inn ei e-postadresse, då vil all korrespondanse frå WIPO bli send elektronisk.

Viss de er fleire enn éin søkjar, fyll inn berre den eine søkjaren sitt namn og adresse under pkt. 2. Dei ytterlegare søkjarane kan til dømes skrivast inn på «continuation sheet» som du finn bakerst i søknadsskjemaet.

Pkt. 2(e): Kryss av for at engelsk er ønska korrespondansespråk.
Nokre land krev opplysningar som etterspørrast under 2 (f):

2(f) (i) Viss søkjaren er ein person (evt. fleire personar) skal statsborgarskapet til søkjaren fyllast ut.

2(f) (ii) Viss søkjaren er eit firma, skal selskapsforma fyllast ut (AS, ANS etc.). På linja nedanfor skal landet selskapet er organisert i fyllast ut (eks. Norway).

Pkt. 3: Entitlement to file

Dette punktet gjeld søkjaren sin rett til å levere inn ein internasjonal søknad; dvs. om du er statsborgar i det landet du leverer søknaden i, om du er busett i landet søknaden er levert inn i eller om du har ein reell og effektiv næringsverksemd i vedkommande land. Her treng du berre å krysse av i éin av boksane, men du kan krysse av i fleire av boksane om dette er ønskjeleg. Dersom adressa oppgitt i pkt. 2 er utanfor Noreg, må adressa i Noreg oppgivast under (b).

Viss dykk er fleire som søkjar saman, må kvar av søkjarane ha den nødvendige tilknyting til Noreg. Det er ikkje nødvendig at tilknytingen er den same for alle søkjarane. Opplysningar om dei andre søkjarane si tilknyting til Noreg kan bli gitt på «continuation sheet».

Pkt. 4: Representative

Dersom du ønskjer at ein fullmektig skal representere deg overfor WIPO, skal fullmektigen sitt namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse fyllast ut under pkt. 4. Opplysningar om fullmektigen sitt namn og adresse er alt som skal til for å etablere fullmektigstatus overfor WIPO. Du treng ikkje å levere fullmakt.

Pkt. 5: Basic registration or basic application

Viss den internasjonale søknaden er basert på ein nasjonal søknad, skal du oppgi søknadsnummer og søknadsdato. Viss den internasjonale søknaden er basert på ei nasjonal registrering, skal du oppgi registreringsnummer og registreringsdato, ikkje søknadsnummer.

Viss den internasjonale søknaden er basert på fleire nasjonale søknader eller fleire nasjonale registreringar, skal du oppgi alle desse med dei respektive datoane (bruk i så fall "continuation sheet"). Skriv søknadane/registreringane i kronologisk rekkjefølgje.

Pkt. 6: Priority claimed

Viss du krev prioritet, skal du oppgi i kva land søknaden først blei inngitt. Vidare må du oppgi prioritetsdato og søknadsnummer.

Viss du til dømes krev prioritet frå din norske basissøknad/-registrering, fyller du ut slik: Kryss av i boksen ved «The applicant claims the priority of the earlier filing mentioned below:» Office of earlier filing: Norway. Number of earlier filing: Søknadsnummer. Date of earlier filing: Dato norsk søknad blei levert inn (prioritetsdato).

Viss prioriteten ikkje gjeld alle varer/tenester i den internasjonale søknaden, skal du oppgi dei varene og tenestene du krev prioritet for. Viss du krev prioritet frå fleire søknader/registreringar, krysser du av for dette, og lister opp søknadane/registreringane du krev prioritet for i kronologisk rekkjefølgje på «continuation sheet».

Pkt. 7: The mark

Ein reproduksjon av varemerket må settast inn i boks 7(a). Boks 7(b) er ikkje relevant for norske søkjarar, og skal ikkje brukast. Reproduksjonen må vere identisk med varemerket slik det framstår i basissøknaden eller basisregistreringa.

Reproduksjonen av varemerket må ikkje vere større enn 8,0 cm x 8,0 cm. Viss varemerket er eit tredimensjonalt merke, må den grafiske reproduksjonen av varemerket i den internasjonale søknaden vere likt med varemerket slik det framstår i basissøknaden eller basisregistreringen.

* Standard bokstaver: Viss varemerket er eit ordmerke utan figurativ utforming, skal du krysse av i boks (c).
* Viss varemerket er eit rent fargemerke, skal du krysse av i boks (d). (Eit rent fargemerke er eit varemerke som berre består av éin eller fleire fargar, og som ikkje inneheld tekst- eller figurelement).

Pkt. 8: Colours claimed

Kryss av viss varemerket er i fargar. Fargen eller kombinasjonen av fargar må indikerast ved ord. Dette kjem i tillegg til reproduksjonen av merket i fargar. Under (a) kan du til dømes skrive: The colours black, blue, and purple are claimed as a feature of the mark. Under (b) kan du gi ei nærare beskriving av plasseringa av fargane i merket.

Pkt. 9: Miscellaneous indications

(a) Translitterasjon (omskriving bokstav for bokstav til eit anna alfabet):
Viss varemerket består av element med andre skriftteikn enn latinske bokstavar eller andre tal enn arabiske eller romerske tal, må elementa translittererast til latinske bokstavar eller arabiske eller romerske tal. Translitterasjonen må følgje fonetikken av språket i den internasjonale søknaden, som for søkjarar med norsk basis vil vere engelsk.

(b) Omsetjing:
Viss varemerket består av ord som kan omsetjast, bør du omsesetje ordet eller orda til engelsk. Omsetjng er valfri, men vil spare tid for dei utpeika land sine myndigheiter i tilfelle dei ønskjer ei slik omsetjing.

(c) Ordelementa i varemerket har inga særskilt tyding:
Viss varemerket består av ord som ikkje har ei bestemt meining (orda er fantasiord), kan du krysse av i boks (c). Dette kan hindre at søknadsbehandlinga i det utpeka landet trekk ut i tid for å vente på stadfesting om at ordelementa ikkje har ei særskilt tyding.

(d) Spesielle type merke:
Viss varemerket er eit tre-dimensjonalt merke (vareutstyr), eit lydmerke eller eit fellesmerke m.v., må du indikere dette ved avkryssing i rett boks. Dersom varemerket tilhøyrer andre merkekategoriar som for eksempel rørslemerke, hologram eller lukt må du skrive dette i søknadsfeltet i pkt. 9(e)(i). Se WIPO si rettleiing MM2.INF om fellesmerkebestemmingar.

(e) Skildring av varemerket:
Viss det i basissøknaden eller basisregistreringa er tatt med ei skildring av varemerket i tillegg til reproduksjonen av varemerket, må den same skildringa takast med i boks (e)(i). Same kva språk skildringa er gitt på i basissøknaden eller basisregistreringen, må skildringa av merket i den internasjonale søknaden givast på engelsk. Det er berre tilleggsinformasjon om varemerket som eksplisitt kjem fram i basissøknaden/-registreringa som skal takast inn i boks (e)(i).

(f) Ordelement i varemerket: (Frivillig):
For å identifisere varemerket nyttar WIPO seg av ordelementa i varemerket som er oppgitt under punkt 7. Denne opplysninga blir brukt som identifikasjon i blant anna i databasen Romarin, samt i notifikasjonar og annan korrespondanse. Der ordelementa i varemerket er utforma med figurmessig preg eller består av fleire ordelement, kan du forsikre deg om at ordelementet i figurmerket er stava riktig og/eller oppgi kva ordelement du ønskjer skal vere dei sentrale orda ved identifisering av merket. Ei slik opplysning er berre meint som informasjon, og vil ikkje bety noko juridisk. Ei opplysning i punkt (f) skal ikkje takast med dersom merket er eit ordmerke med standard bokstavar.

(g) Unntaksmerknad:
Viss det er tatt inn unntaksmerknader i den norske basissøknaden/-registreringa, vil dette ikkje automatisk framkomme av den internasjonale søknaden. Det er ikkje obligatorisk å opplyse i den internasjonale søknaden om det er tatt inn unntaksmerknader eller ikkje i basissøknaden/-registreringa. Det er likevel stor forskjell i dei ulike landa med omsyn til praktiseringa av unntaksmerknad. Det er opp til dei utpeka landa si nasjonale lovgjeving om dei krev unntaksmerknadene teke inn eller ikkje, uavhengig av om ein slik unntaksmerknnad er teke inn i basissøknaden/-registreringa. Men dersom unntaksmerknaden blir ført inn i den internasjonale søknaden vil denne gjelde den internasjonale registreringa som en heile - unntaksmerknaden kan ikkje gjelde berre for enkelte av dei utpeika landa.

Pkt. 10: Goods and services for which international registration is sought

10 (a): Oppgi dei varene og/eller tenestene varemerket blir søkt registrert for. Dette vil vanlegvis vere ei omrsetjing til engelsk av lista over varer og tenester (vareoversikt) i den norske basissøknaden/-registreringa. Varene/tenestene må oppgivast etter klassenummer og i presise termer. Vareoversikta i den internasjonale søknaden kan vere snevrare enn vareoversikta i basissøknaden/-registreringa, men den kan ikkje vere vidare. Det vil seie at vareoversikta ikkje kan omfatta fleire eller andre varer og tenester enn den norske basisøknaden/-registreringa omfattar.

Benytt eit eige ark til vareoversikta om nødvendig, i tillegg til pkt. 10. Kryss i tilfelle av i boksen under pkt. 10.

På WIPO sine nettsider finn du:
den alfabetiske lista
• klassifikasjonshjelpar - Goods and Services Manager

10 (b): Vareoversikta i den internasjonale søknaden kan avgrensast overfor eitt eller fleire utpeikte land. Denne avgrensninga kan vere forskjellig for dei ulike utpeika landa. Oppgi eventuelt desse avgrensningane i punkt 10 (b).

Pkt. 11: Designated contracting parties

Du skal indikere kva land eller organisasjonar du ønskjer varemerkevern i ved å krysse av i dei angjevne boksene under pkt. 11. Du kan ikkje utpeike ditt eige heimland. Stipla linje for «others» brukar du berre viss det er kome til nye medlemsland som ikkje er oppført på søknadsskjemaet.

*Viss du peiker ut EU må du krysse av for eitt anna arbeidsspråk i tillegg til engelsk. Dette andre arbeidsspråket må vere eitt av dei andre fire offisielle språka i EUIPO; fransk, tysk, italiensk eller spansk. Det andre arbeidsspråket vil vere eit alternativt språk for tredjepartar å nytte ved eventuelle motsegn eller slettingssøksmål ovanfor EUIPO.

*Seniority claim (viss EU er utpeikt):
Viss du allereie har vern for eit identisk varemerke i eit medlemsland i EU, kan du krevje «seniority» frå denne tidlegare registreringa. Da brukar du skjema MM17. For meir informasjon om «seniority claim», sjå B.II.101.01-101.04 i «Guide to the international registration of marks».

*Viss USA peikast ut: Declaration of intention to use the mark:
USA krev ei erklæring på eige skjema om at du har til hensikt å bruke merket i næring i USA. I tillegg til det vanlege søknadsskjemaet, må du sende inn MM18-skjema for at utpeiking av USA skal vere gyldig. Viss skjemaet ikkje ligg ved søknaden, kan det ettersendast til WIPO innan 2 månader frå Patentstyret mottok MM2-skjemaet. MM18-skjemaet finn du her. Punkt 2 (f) i MM2-skjemaet må også fyllast ut dersom USA er utpeika.

Pkt. 12: Signature by applicant or representative

Patentstyret krev at søkjar eller fullmektig underteiknar den internasjonale søknaden.

Pkt. 13: Certification and signature by office of origin

Dette punktet er for utfylling av heimlandsmyndigheita. Her skal Patentstyret stadfeste at informasjonen i den internasjonale søknaden er i samsvar med det som går fram av basissøknaden eller basisregistreringa, og på kva dato vi mottok den internasjonale søknaden.

Fee calculation sheet

(a) Fyllast berre ut viss du er registrert med ein betalingskonto hos WIPO.

(b) Detaljert utrekning av avgiftsbeløpet kan fyllast ut, men er ikkje nødvendig. Bereikn avgiftsbeløpet ved hjelp av «Fee Calculator», og før opp totalbeløpet på stipla linje for «Grand Total (swiss francs):».

(c) «Identy of the party effecting the payment»: Fyll inn namn og adresse på den som betalar avgifta.

Det er to alternative betalingsmåtar oppført; ein bankkonto og ein postkonto. Viss du har betalt avgift før du sender inn søknaden, krysser du av for kva for konto du har betalt til, referansenummer for overføringa og dato du har betalt. Viss du ikkje har betalt avgiftene ennå, kan desse felta stå opne.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: