EU-varemerke

Viss du skal bruke varemerket ditt i fleire EU-land, kan du sende ein søknad til EU si varmerkemyndigheit EUIPO.

Du kan oppnå varemerkevern i alle 28 medlemslanda ved å sende berre éin søknad.

Meir informasjon om EU-varemerke og korleis du går fram for å søkje, finn du på EUIPO si nettside om EU-varemerke.

Ver merksam på at eigarar av både nasjonale registreringar i dei enkelte landa og eigarar av EU-registreringar kan kome med motsegn mot registreringa di. Viss motsegna blir godteke, fell registreringa di i alle EU-landa. Viss dette skulle skje, har du moglegheit til å omgjere søknaden om EU-varemerke til nasjonale søknadar i dei enkelte EU-land.

Kva kostar det å søkje EU-varemerke?

Kostnaden avheng av kor mange vare-/tenesteklassar søknaden omfattar. Det er rimelegast å sende søknaden elektronisk.

Informasjon om avgifter finn du på EUIPO si nettside. Her finst også ein avgiftskalkulator.

Du finn også ein kalkulator på nettsida iprhjelp.no som kan gi ein indikasjon på kostnader.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: