Frist for å søkje med prioritet

Viss du har levert inn ein varemerkesøknad i Noreg og vurderer å søkje i fleire land, er det ein fordel for deg om du søkjer i utlandet innan 6 månader frå den datoen du leverte inn varemerkesøknaden i Noreg.

Dette er grunna prioritetsregelen.

Prioritet er det omgrepet vi brukar for å oppgi kven som har best rett til å registrere varemerket.

Ein norsk varemerkesøknad har prioritet frå den dagen søknaden kom inn til Patentstyret. Viss du søkjer i andre land innan seks månader, kan du krevje å få behalde den same prioritetsdatoen som i den norske søknaden. Varemerket ditt vil da vere beskytta frå denne datoen, og ha prioritet føre et eventuelt liknande varemerke som er søkt registrert på ein senare dato.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: