Internasjonal registrering av varemerke

Viss du skal bruke varemerket ditt i fleire land, kan du entan benytte ei internasjonal søknadsordning som blir kalla Madrid-protokollen eller du kan sende ein søknad til varemerkemyndigheiten til EU, EUIPO.
  1. EU-varemerke: Viss du skal bruke varemerket ditt i fleire EU-land, kan du sende ein søknad til EU si varemerkemyndigheit EUIPO
     
  2. Madrid-protokollen: Viss du skal bruke varemerket ditt i fleire land også utanfor EU, kan du nytte ei internasjonal søknadsordning som blir kalla Madrid-protokollen. Ved å sende ein søknad kan du søkje vern i mange land samtidig. 

1. EU-varemerke

Du kan oppnå vern for varemerket ditt i alle 28 medlemslanda ved å sende berre éin søknad.

Meir informasjon om EU-varemerke og korleis du går fram for å søkje, finn du på EUIPO si nettside om EU-varemerke.

Ver merksam på at eigarar av både nasjonale registreringar i dei enkelte landa og eigarar av EU-registreringar kan kome med motsegn mot registreringa di. Viss motsegna blir godteke, fell registreringa di i alle EU-landa. Viss dette skulle skje, har du moglegheit til å omgjere søknaden om EU-varemerke til nasjonale søknader i dei enkelte EU-land.

Kva kostar det å søkje EU-varemerke?

Kostnaden avheng av kor mange vare-/tenesteklassar søknaden omfattar. Det er rimelegast å sende søknaden elektronisk.

Informasjon om avgifter finn du på EUIPO si nettside. Her finst også ein avgiftskalkulator.

Du finn også ein kalkulator på nettsida iprhjelp.no som kan gi ein indikasjon på kostnader.

2. Madrid-protokollen

Hovudprinsippet i søknadsordninga er at ein varemerkesøknad eller -registrering som er levert inn i eit av medlemslanda kan søkast om å bli gjort gjeldande også i andre medlemsland. Ordninga blir administrert av World Intellectual Property Organization (WIPO) i Genève. 

Norsk basissøknad

Som norsk søkjar må du ha ein nasjonal søknad eller registrering som basis før du kan søkje internasjonalt. Du må anten ha norsk statsborgarskap, bustadsadresse eller adresse for verksemda di i Noreg.

Den internasjonale registreringa er avhengig av den nasjonale basissøknaden/-registreringa i 5 år. Viss den norske søknaden din ikkje blir registrert, eller registreringa din blir sletta før det er gått 5 år, vil den internasjonale registreringa også bli sletta. Det kan derfor løne seg å vente til den norske søknaden din er ferdig behandla før du sender inn ein internasjonal søknad. Du bør likevel søkje innan 6 månader frå du leverte inn den norske søknaden, slik at du kan nytte deg av prioritetsregelen.
Les meir om prioritet

Kva land bør du velje?

Ei varemerkeregistrering har berre vern i det landet namnet er registrert. Det betyr at viss du ikkje har registrert rettane dine i tide, risikerer du å bli utestengd frå marknadar som er viktige for deg. Du bør derfor vurdere nøye i kva land du ønskjer å bruke varemerket ditt, slik at du sikrar deg marknadstilgang.

Det er lurt å registrere varemerket i det landet produksjonsprosessen skjer. Viss du har etablert varelageret ditt i utlandet, eller vurderer å etablere slike i framtida, bør du også sikre rettane til namnet i desse landa, før andre gjer det.

Jo fleire land du ønskjer å registrere varemerket ditt i, jo dyrare blir det. Eit godt råd vil derfor vere å rangere marknaden frå det største til det minste, og så prioritere kva marknadar som er viktige for deg. Du bør tenkje strategisk når du bestemmer kva land som er attraktive for deg, og om du skal søkje med prioritet frå Noreg eller ikkje. Enkelte land har reglar om bruksplikt, og nokre krev at du kan vise til bruk før ei eventuell registrering eller fornying av eit varemerke.

Kva land du skal søkje i er ei viktig strategisk avgjerd, så det kan vere lurt å kontakte ein fullmektig før du gjer store investeringar.

Korleis søkjer du?

Du må levere ein internasjonal søknad til WIPO. Du søkjer via nettsidene til World Intellectual Property Organization (WIPO) og deira Madrid e-filingsportal. Patentstyret vil validere søknaden du har levert til WIPO før den blir behandla vidare og blir fordelt til dei landa du har valt ut. Kvart enkelt land vil så vurdere om registreringa skal få vern i landet.

Fordelen ved å bruke Madrid e-filing:

  • Automatisk import av data i søknaden. Data blir importerte frå basissøknaden din direkte til den internasjonale søknaden din.
  • Betaling av alle avgifter blir gjort i Madrid e-filingsportalen. Du kan betale med kredittkort, gjennom din WIPO-konto eller bankkonto.
  • Direkte tilgang til Madrid Goods & Services Manager som omset og sjekker klassifisering og termer
  • Patentstyret validerer søknaden din direkte i Madrid e-filingsportalen
  • Kommunikasjon rundt din søknad blir gjort elektronisk gjennom portalen
  • Oppdatert søknadsstatus i sanntid i din WIPO kontooversikt
  • Ei teneste som dekkjer heile registreringsprosessen

Les meir om korleis du søkjer om internasjonal varemerkeregistrering

Behandlingstid

Behandlingstida i dei respektive landa kan variere, men er ikkje over 18 månader. Viss varemerket ikkje er nekta innan denne fristen, er varemerket å rekne som beskytta i det aktuelle landet.

Fordelar ved å søkje gjennom Madrid-protokollen

  • Det er både enklare og billegare å levere inn éin internasjonal søknad via Madridprotokollen enn å søkje i kvart enkelt land for seg.
  • Du har moglegheit til å utvide den internasjonale registreringa di til å gjelde fleire land på eit seinare tidspunkt.

Kva kostar det å søkje via Madrid-protokollen?

Oversendingsgebyr:

Du må betale eit oversendingsgebyr på kr. 800 til Patentstyret. Fakturaen må betalast innan betalingsfristen, ellers reknar vi søknaden som ikkje innkomen.

Internasjonale avgifter:

I tillegg til Patentstyret sitt gebyr må du betale internasjonale søknadsavgifter til WIPO. Avgiftsbeløpet avheng blant anna av kor mange land du har vald i søknaden og kor mange klassar med varer og tenester søknaden gjeld. Avgifta kan du rekne ut ved hjelp av WIPO sin avgiftskalkulator. Beløpa er oppgitte i sveitsiske franc.

Les om korleis du kan søkje om internasjonal varemerkeregistrering.

Fornyingar og andre endringar

Fornyingar og andre endringar i eit registrert internasjonalt varemerke (via Madrid-protokollen) skal gjerast direkte til WIPO. Det er berre realitetsbehandlinga som skjer i Patentstyret. Andre endringar kan vere for eksempel overføringar og endringar i namnet.

Avgifter og gebyrer knytte til fornyingar av varemerkeregistreringer varierer frå land til land. For å vite kor mykje du skal betale i andre land, må du ta kontakt med fullmektigen din eller med patentverket i det aktuelle landet.

Meir informasjon

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: