Slik søkjer du om internasjonal varemerkeregistrering

Praktisk informasjon om korleis du kan søkje om varemerket ditt i fleire land ved å nytte ei internasjonal søknadsordning som blir kalla Madrid-protokollen.

Du søkjer via nettsidene til World Intellectual Property Organization (WIPO) og deira Madrid e-filingsportal.

Patentstyret vil validere søknaden du har levert til WIPO før den blir vidarebehandla og fordelt til dei landa du har valt ut. Kvart enkelt land vil så vurdere om registreringa skal få vern i landet.

Sjå WIPO sine nettsider for ei forklaring av detaljane

  1. Du kan logge deg på Madrid e-filing via denne lenka: https://efiling.madrid.wipo.int/iwa 
  2. Har du ikkje ein WIPO-konto, må du opprette ein. Lenka til nettsida finn du her: https://ipportal.wipo.int/
  3. Du kan som søkjer enkelt bruke informasjonen frå basissøknaden din for å opprette den internasjonale søknaden ved bruk av Madrid e-filingsportalen. Inkludert lista over produkt og tenester.
  4. Patentstyret vil validere søknaden din i portalen når den er sendt før den blir vidarebehandla av WIPO. Finn vi manglar ved søknaden din, vil du få beskjed via portalen og du kan rette manglane innan ein gitt frist før den blir behandla vidare.
  5. Dette er ei elektronisk søknadsteneste kor all kommunikasjon mellom deg som søkjer og Patentstyret og WIPO skjer elektronisk gjennom Madrid e-filingsportalen.
  6. WIPO registrerer varemerket i det internasjonale registeret. Du vil motta eit registreringsbevis med eit internasjonalt registreringsnummer. Dette beviset gir ikkje vern i seg sjølv. Varemerket er på dette stadiet berre registrert i WIPO, men har ikkje oppnådd vern. Varemerkevernet blir avgjort og gitt av dei enkelte utpeika landa.
  7. Søknaden blir behandla i kvart av landa du har valt. Myndigheitene vil sende deg brev om at varemerket anten er beslutta gjeldande eller nekta registrert i deira land. Eit brev om nekting vil opplyse om moglegheita du har til å gjere endringar i søknaden, og ein frist for å gjere dette. Land kan ha ulik praksis for kva dei godtek av oppføringar av varer og tenester.

Frist for å søkje med prioritet

Viss du har levert inn ein søknad i Noreg og vurderer å søkje i fleire land, er det ein fordel for deg om du søkjer i utlandet innan 6 månader frå den datoen du leverte inn søknaden i Noreg.
Les meir om frist for å søkje med prioritet 

Betaling av internasjonale avgifter

Alle avgifter inkludert Patentstyret sitt oversendingsgebyr, må du betale til WIPO i sveitsiske franc. Du får oppgitt beløpet i den elektroniske søknaden.

Du mottar ikkje faktura på avgiftene, men betaler beløpet direkte til WIPO sin konto. Kontonummer og annan betalingsinformasjon finn du i MM2-skjemaet eller på WIPO sine nettsider.
Du finn informasjon om betaling på WIPO sin nettside.

For å sikre at WIPO kan kople innbetalinga di til riktig søknad, er det viktig å oppgi tilstrekkeleg informasjon saman med innbetalinga. Oppgi kva for skjema betalinga gjeld (MM2), WIPO sitt referansenummer og søknads- eller registreringsnummer på den norske søknaden eller registreringa.

Viss WIPO ikkje har motteke avgifta når søknadsbehandlinga startar, sender dei eit mangelbrev. Du får ein frist på tre månader for å betale, og søknadsbehandlinga stansar i mellomtida. Viss du vil unngå forseiningar, bør du betale avgiftene seinast når du får melding om at Patentstyret har vidaresendt søknaden din til WIPO.
Sjå også åtvaring mot falske fakturaer.

Ønskjer du ikkje å bruke Madrid e-filing?

Viss du ikkje ønskjer å bruke Madrid e-filing, ta kontakt med Patentstyret sitt kundesenter: +47 22 38 73 00.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: