Søk varemerke i Noreg

For å søkje om varemerkeregistrering i Noreg leverer du inn ein søknad til Patentstyret. Det er fleire ting du bør tenkje på før du leverer inn søknaden din.

9. Andre måtar å søkje varemerke på

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje kan bruke denne søknadsvegvisaren for å levere inn søknaden din.

Fellesmerke eller utradisjonelt varemerke

Dersom du skal søkje om fellesmerke eller eit utradisjonelt varemerke (for eksempel lydmerke eller tredimensjonalt merke) må du bruke søknadsskjemaet vårt i Altinn.
Søk via Altinn

Betaling med faktura istadenfor online

Dersom du ønskjer å få faktura, istadenfor å betale online, kan du bruke søknadsskjemaet vårt i Altinn. Men vêr merksam på at saksbehandlingstida vil då bli betydeleg lenger. Dersom kort saksbehandlingstid er viktig for deg, bør du bruke søknadsvegvisaren - sjå den grøne knappen nedst til venstre «Start eller fortsett varemerkesøknaden».
Søk via Altinn

Har du ikkje norsk personnummer? 

Å lage ein digital varemerkesøknad krev innlogging, og dermed norsk personnummer. Dersom du ikkje har eit slikt nummer, må du bruke søknadsskjemaet i PDF- eller ODT-format. Dette skjemaet skal skrivast ut og sendast til Patentstyret med vanleg post, eller som vedlegg til e-post.
Lenke til PDF- og ODT-skjema