Søk varemerke i Noreg

Vi tilrår at du les alle 10 punkta før du trykkjer «Start ny varemerkesøknad».

1. Kva kan du registrere?

Varemerket ditt må skilje seg ut i marknaden. Du kan ikkje får einerett til ord eller figurar som berre beskriv produktet ditt. For å få registrert varemerket må det vere unikt - det må ha særpreg.

Varemerket kan ikkje likne på tidlegare registrerte varemerke for same eller liknande produkt. Du kan sjekke i søkjetenesta vår om konkurrentar har registrert liknande varemerke i den same bransjen som du er i. Du kan også gå inn på namnesok.no for å sjekke både domenenamn, føretaksnamn og varemerke i eitt søk.

Patentstyret avslår ca. 30 % av søknadane fordi varemerka ikkje er særprega eller fordi nokon har registrert liknande varemerke før. 
Les meir om krav til å få eit varemerke registrert.

Kva kan du få eineretten til?

MERKETYPE
VAREMERKE
PRODUKT
REGISTRERBART?

Ord ROXY Frisørteneste Ja

Kvifor?  Merket beskriv ikkje tenesta, og har særpreg. Forbrukaren kan derfor skiljle din frisørsalong frå andre sine.
Einerett:  Du får einerett til ROXY, og kan fritt utforme ordet i andre skrifttypar.


Ord Oslo frisør Frisørteneste Nei

Kvifor ikkje?  seier berre kva slags teneste det er og kor den blir utført. Det må også andre frisørar i Oslo kunne bruke fritt.


Kombinert Illustrasjon av tekst Oslo frisør Frisørteneste Nei

Kvifor ikkje?  Seier berre kva slags teneste det er og kor den blir utført. Fonten og fargen på skrifta er ikkje spesiell nok til at ein vil tru dette er varemerket til éin konkret frisør i Oslo.


Ord Simply the best Arkitekttenester Nei

Kvifor ikkje? Beskriv kvaliteten på tenesta. Framstår som reint reklameutsegn og må kunne brukast fritt av fleire.


Figur Bilde av et jordbær Reklamebyrå Ja

Kvifor?  Merket har særpreg og forbrukaren kan dermed skilje reklamebyrået ditt frå andre sine.
Einerett:  Du får einerett til denne avbildinga av jordbær brukt som varemerke for reklamebyrå.


Figur Bilde av et jordbær Syltetøy Nei

Kvifor ikkje?  Forbrukaren vil oppfatte at syltetøyet inneheld jordbær, og vil ikkje kunne skilje det frå andre produsentar av jordbærsyltetøy.


Kombinert Illustrasjon av en etikett med teksten Fridas syltetøy sammen med et bilde av et jordbær. Syltetøy Ja

Kvifor?  Ordet «Fridas» gjer at forbrukar kan gjenkjenne produktet og syltetøyprodusenten.
Einerett:  
Du får einerett til ordet «Fridas» i denne konteksten, men ikkje til ordet syltetøy og det som er ein vanleg etikett for jordbærsyltetøy.


Kombinert Illustrasjon av en skilpadde med teksten Flavour and aroma plassert på skallet Kaffe Ja

Kvifor?  Ein forbrukar kan gjenkjenne samanstillinga av teksten og skilpadden som varemerke for kaffen til ein bestemt produsent.
Einerett:  Du får ikkje ejnerett til teksten, fordi den berre seier noko om eigenskapene til kaffen.


Kombinert Kaffe Nei

Kvifor ikkje?  Viser berre bilde av produktet og seier noko om produktet sine egenskaper. Derfor vanskeleg for forbrukar å skilje din kaffe frå andre produsenter sin.


Du kan også laste ned denne oversikta som PDF-fil

Har du lese alle 10 punkta øvst på sida?