Søk varemerke i Noreg
5. Kva kostar det?
Å søkje om varemerkeregistrering kostar kr 2900, og inkluderer éin klasse. Søknadsgebyret dekkjer behandlinga vår av søknaden, og blir ikkje refundert sjølv om søknaden blir avslått eller trekt tilbake.
Vel du varer eller tenester utover éin klasse, må du betale kr 750 i tilleggsavgift for kvar ekstra klasse (berekna pris blir vist undervegs når du fyller ut søknaden). Innanfor ein klasse kan du ha med fleire produkt.
Du betalar når du sender inn søknaden din.
For å søkje, klikk på knappen «Start ny varemerkesøknad».
Betaling med faktura i staden for online
Viss du ønskjer å betale med faktura, må du søkje varemerkeregistrering via Altinn. Men ver merksam på at saksbehandlingstida då vil bli lenger.
Søk via Altinn.
Dersom kort saksbehandlingstid er viktig for deg, bør du bruke denne søknadsvegvisaren - klikk på knappen «Start ny varemerkesøknad».
Forny registreringa di
Viss varemerket blir registrert, er registreringa gyldig i ti år. Deretter kan du velje å fornye retten mot å betale ei avgift.
For meir informasjon om kva det kostar, sjå prislista.
Les om korleis du fornyer registreringa di
Har du lese alle 10 punkta øvst på sida?