Søk varemerke i Noreg

Vi tilrår at du les alle 10 punkta før du trykkjer «Start ny varemerkesøknad».

4. Kvifor registrere varemerke?

Eit varemerke er eit namn, logi eller anna kjenneteikn som identifiserer varene og tenestene dine. Har du eit varemeke, vil kundane dine lettare kunne kjenne igjen og velje produkta dine på nytt fordi dei skil seg frå konkurrentane sine.

Registrerer du varemerket ditt får du dokumentasjon på at du eig det, og du kan nekte andre å bruke logo eller namn som likner varemerket ditt. Skulle du hamne i ei konflikt, stiller du sterkare med ei varemerkeregistrering.

Ei varemerkeregistrering kan gi deg:

  • ein einerett slik at du kan hindre etterlikning og kopiering
  • auka verdi på produkt og selskap, og betre tilgang til finansiering frå investorar og det offentlege
  • betre utgangspunkt for lisens- og samarbeidsavtalar

Varemerket kan bli den viktigaste verdien til verksemda di!

Har du lese alle 10 punkta øvst på sida?