Søk varemerke i Noreg

Vi tilrår at du les alle 10 punkta før du trykkjer «Start ny varemerkesøknad».

Om søknadsprosessen

  1. 0 md.

    Du fyller ut søknad og sender den til oss.

    Søknaden skal innehalde:

    • Varemerket og tilhøyrande produkt
    • Namn på eigar av varemerket
    • Fullmakt (viss du søkjer på vegner av andre)

    Ta gjerne kontakt med oss på kundesenteret (22 38 73 00) viss du lurer på noko.
    Du kan også setje opp eit varsel slik at du kan følgje saka di. Les meir om varsling.

  2. 0-3 dagar

    Søknaden din blir offentleg

    Søknaden din og alle dokument knytta til den vil bli publiserte på nettsidene våre i Varemerkeregisteret. Du kan be oss om å unnta forretningsløyndomar frå offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysningar i søknaden eller i vedlegg som du ønskjer unnateke. Vi vil deretter vurdere om vi kan ta unna opplysningane frå offentlegheita.

  3. 0-3 veker

    Vi registrerer varemerket eller kontaktar deg dersom søknaden har manglar eller registreringshindringar

    Søknaden blir vurdert og granska. Kan varemerket registrerast, mottek du eit registreringsbrev og vi kunngjer registreringa i Norsk varemerketidende. Utsending av registreringsbrev kan ta noko tid. Har du ikkje høyrt frå oss innan 3 veker, kan du sjekke status på søknaden din i Patentstyrets søkjeteneste. Du kan også setje opp eit varsel slik at du kan følgje saka di. Dersom søknaden ikkje oppfyller krava i varemerkelova, kontakter vi deg – enten ved å ringje eller sende eit brev. Du vil få ein frist på 1-3 md. på å svare på brev.

  4. 3 md. frå kunngjering

    Dersom søknad er registrert

    Eventuelle innvendingar frå tredjepersonar

    Viss nokon har innvendingar mot registreringa av varemerket ditt, kan dei levere ei innvending innan 3 månader frå kunngjeringsdagen i Norsk varemerketidene. Det betyr at nokon gjer Patentstyret merksam på grunnar til at varemerket ditt ikkje kan registrerast. Viss dette skjer, får du beskjed og moglegheit til å svare på innvendinga. Innvendinga kan føre til at registreringa heilt eller delvis blir oppheva.

  5. 0-3 md.

    Dersom du har motteke brev frå Patentstyret:

    Du svarar på brevet vårt innan fristen

    Det er viktig å overhalde fristane på breva du mottek. Bruk gjerne korrespondanseskjemaet i Altinn. Viss du ikkje svarar på brevet vårt innan fristen, vil vi leggje bort søknaden. Kontakt oss gjerne viss du lurer på noko.

  6. 0-9 md.

    Fornya vurdering av søknaden

    Når vi har motteke brev frå deg, vurderer vi søknaden på nytt. Er alt i orden, registrerer vi varemerket og kunngjer registreringa i Norsk varemerketidene. Dersom varemerket fortsatt ikkje oppfyller krava i varemerkelova, vil vi sende deg eit nytt brev om dette. Du kan då uttale deg ein gong til i saka, før Patentstyret tar ei endeleg avgjerd. Denne endelege avgjerda kan du klage på til klageorganet vårt, KFIR. 

  7. 3 md. frå kunngjering

    Eventuelle innvendingar frå tredjepersonar

    Dersom nokon har innvending mot registreringa av varemerket ditt, kan dei levere ei innvending innan 3 månader frå kunngjeringsdagen i Norsk varemerketidene. Det betyr at nokom gjer Patentstyret merksam på grunnar tl at varemerket ditt ikkje kan registrerast. Vis dette skjer, får du beskjed og moglegheit til å svare på innvendinga. Innvendinga kan føre til at Patentstyret opphever registreringa heilt eller delvis.

     

  8. 0-6 md.

    Vil du søkje i andre land?

    Då bør du gjere det innan 6 månadar frå innleveringsdatoen for søknaden, fordi du då vil behalde same verknadsdato (prioritet) som den norske søknaden din.

  9. 5 år

    Ta varemerket i bruk

    I løpet av 5 år frå registreringstidspunktet må du ta varemerket i bruk for dei produkta som er viktige for verksemda di. Det er ingen plikt til å bruke merket, men viss nokon kan bevise at du ikkje har brukt varemerket for alle eller nokre av produkta du har registrert det for, kan du miste eineretten heilt eller delvis.

  10. 10 år

    Fornying

    Varemerket kan fornyast kvart tiande år. Du må betale ei fornyingsavgift for at varemerket framleis skal vere registrert i varemerkeregisteret.

Har du lese alle 10 punkta øvst på sida?