Søk varemerke i Noreg

Vi tilrår at du les alle 10 punkta før du trykkjer «Start ny varemerkesøknad».

8. Ønskjer du hjelp?

Kundesenteret

Dersom du har spørsmål til korleis du søkjer varemerkeregistrering, kan du ringje kundesenteret vårt på 22 38 73 00 og snakke med ein rettleiar eller ein saksbehandlar. Du kan også besøke oss i lokala i Oslo - sjå kontaktinformasjon.

Dersom du vil ha ei konfidensiell avklaring på om namnet eller logoen din kan registrerast som varemerke i Noreg før du søkjer, kan du bestille ei forundersøking av Patentstyret. Dette er ei betalt teneste.

Profesjonell rådgjevar

Har du spørsmål om korleis du bør leggje opp IPR-strategien din, rår vi deg til å kontakte ein profesjonell rådgjevar eller eit patentbyrå. Dei hjelper deg også viss du skal søkje varemerkeregistrering i utlandet.
Sjå oversikt over aktørar på nettsida IPRhjelp.no

Har du lese alle 10 punkta øvst på sida?