Søk varemerke i Noreg

For å søkje om varemerkeregistrering i Noreg leverer du inn ein søknad til Patentstyret. Det er fleire ting du bør tenkje på før du leverer inn søknaden din.

7. Registrering i andre land?

Ei norsk varemerkeregistrering har vern kun i Noreg. Du bør derfor søkje om å få varemerket ditt registrert i alle landa du har tenkt å bruke det kommersielt, og også i landa du eventuelt produserer varene dine i. 

Ønskjer du registrering i utlandet, har du følgjande moglegheiter:

  • Søkje i kvart enkelt land
  • Søkje gjennom Madrid-protokollen
  • Søkje EU-varemerke

Viss du søkjer i Noreg først, kan du behalde same verknadsdato (prioritet) når du søkjer internasjonalt dersom du søkjer innan seks månader frå leveringdatoen til Patentstyret.

Produktveljaren hjelper deg å finne internasjonalt godkjende nemningar på varer og tenester. Les meir om produktveljaren.

Les meir om varemerkeregistrering i andre land.