Søk varemerke i Noreg

Vi tilrår at du les alle 10 punkta før du trykkjer «Start ny varemerkesøknad».

2. Typar varemerke

Då må velje kva slags varemerke du skal søkje registrert, til dømes ein rein tekst eller ein logo/figur. Dette kan ha mykje å seie for om du får varemerket ditt registrert eller ikkje, og påverker også kva slags vern du får.

Du kan velje å søkje om fleire type merke, men hugs at du berre kan levere inn eitt merke per søknad.

Dei mest vanlege typane er:

  • Ordmerke - gir einerett til eitt eller fleire ord. Har du fått einerettn til eit ordmerke, kan du bruke det i ulike utformingar.
    JOTUN
  • Figurmerke - gir einerett til ein figur/logo utan tekst
  • Kombinert merke - gir einerett til ein kombinasjon av tekst og figur. Her er det heilskapen av merket du får einerett til, og ikkje nødvendigvis logo eller tekst for seg sjølv.

Du kan berre søkje om registrering av eitt merke av gongen i ein søknad.

For å søke, klikk på knappen til venstre «Start varemerkesøknaden».

Fellesmerke eller utradisjonelt varemerke

Dersom du skal søkje om fellesmerke eller eit utradisjonelt varemerke (for eksempel lydmerke eller tredimensjonalt merke) må du bruke søknadsskjemaet vårt i Altinn.
Søk via Altinn
Les meir om fellesmerke

Ansvarsmerke

Ei gull-, sølv- eller platinavare som blir stempla med finheitsmerke, skal samtidig stemplast med eit ansvarsmerke. Registreringa skjer hos Patentstyret.
Søk via Altinn
Les meir om ansvarsmerke

Har du lese alle 10 punkta øvst på sida?