Søk varemerke i Noreg
Vi tilrår at du les alle 10 punkta før du trykkjer «Start ny varemerkesøknad».
3. Vel produkt
Når du søkjer om varemerkeregistrering, må du velje produkt (varer og tenester) som varemerke skal brukast på. Eineretten du får, gjeld berre for dei produkta du vel.
Produkta er delt inn i eit internasjonalt klassesystem. Klasse 1-34 er for varer og klasse 35-45 for tenester. Merk deg:
- Eit produkt kan inngå i fleire klassar viss det har fleire formål eller er laga av ulike materiale (til dømes vernehanskar og valege hanskar).
- Skal du selje dine eigne varar, kan du velje å søkje i kun ei vareklasse, til dømes «Klasse 25: Klede». Sal og marknadsføring av produktet inngår i eineretten du får ved registrering. Sjå denne korte filmen for tips om val av klasse når du skal selje eigne eller andres varer.
Tips om klassifisering av varemerker - når må du bruke klasse 35? - Skal du tilby ei teneste for andre, til dømes «skjønnheitspleie», eller å selje andre sine varar? Da må du velje ei tenesteklasse.
- Du kan velje vide omgrep som «klede» eller «farmasøytiske preparat» i Noreg og EU. Du treng altså ikkje å spesifisere til «bukser» eller «hjartemedisin». Unntak gjeld for tenesta «sal av varer for andre». I dette høvet må du spesifisere kva for varer du skal selje (sal av klede, leiketøy eller sportsartiklar). Nokre land, blant anna USA, krev alltid nærmare spesifisering av produkta.
Du kan ikkje leggje til fleire produkt etter at du har levert inn søknaden. Tenk derfor godt over kva for produkt du skal bruke varemerket på no og i framtida.
Produktveljaren hjelper deg å finne godkjente termar på varer og tenester.
Gå til produktveljaren.
Har du lese alle 10 punkta øvst på sida?