Behandlingstid for varemerkesøknadar

Sjå når du kan forvente å få svar på søknadar og brev.

Status for august 2019

Søknadar levert gjennom søknadsvegvisar

Søknadsvegvisaren vår gjer det enklare for deg å søke varemerke. Du kan skrive søknaden, sende, betale og få kvittering i éin operasjon, samtidig som du blir leia gjennom søknaden trinn for trinn. Slik finn du søknadsvegvisaren.

Du kan forvente svar på søknaden din innan 3 veker.

Målet vårt: 3 veker 

gronn_lys80.png

Dersom Patentstyret avslår søknaden din kan du krevje ny vurdering av saka. Du kan nå forvente å motta ei ny vurdering innan 3 veker etter at du har sendt inn argumenta dine (andregongsskriv).

Målet vårt: 3 veker

gronn_lys80.png

Søknadar levert via Altinn, e-post eller på papir

Du kan forvente svar på søknaden din innan 6 månader.

Målet vårt: 6 månader.

gronn_lys80.png

Dersom Patentstyret avslår søknaden din kan du krevje ny vurdering av saka. Du kan nå forvente å motta ei ny vurdering innan 6 månader etter at du har sendt inn argumenta dine (andregongsskriv).

Målet vårt: 6 månader

gronn_lys80.png

Internasjonale søknadar levert via Madridprotokollen (sendes inn gjennom Altinn, e-post eller på papir)

Du kan forvente svar på søknaden din innan 9 månader.

Målet vårt: 8 månader

gul_lys80.png

Dersom Patentstyret avslår søknaden din kan du krevje ny vurdering av saka. Du kan nå forvente å motta ei ny vurdering innan 6 månader etter at du har sendt inn argumenta dine (såkalla «andregongsskriv»).

Målet vårt: 6 månader

gronn_lys80.png

Endeleg avgjerd

Gjeld søknader der Patentstyret opprettheld avslag av søknaden din i to eller fleire runder. Du kan klage ei slik avgjerd til Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR).

Du kan forvente å motta endeleg avgjerd innan 6,2 månader frå det tidspunktet vi mottok dine siste kommentarar i saka.

Målet vårt: 4 månader

rodt_lys80.png

Motsegn

Gjeld saker der ein tredjepart har klaget på registreringen. Les om motsegn.

Du kan forvente å motta endeleg avgjerd i ein motsegnssak innan 5 månader frå det tidspunktet begge parter ble hørt i saken.

Målet vårt: 4 måneder

gul_lys80.png

Overprøvingar

Gjeld saker der andre krev sletting av eit registrert varemerke dersom det for eksempel er ugyldig, har degenerert eller ikkje er i bruk. Les om administrativ overprøving.

Du kan forvente å motta svar i saka di seinast 2 månader etter at partane er høyrde.

Målet vårt: 4 månader

gronn_lys80.png

Kundetilfredsheit

88 % av dem som fikk registrert eit varemerke i 2018 var tilfredse med Patentstyret.

Målet vårt: 85 % (årlig måling)

gronn_lys80.png

Kvalitetsmåling ved stikkprøvar

I 2018 hadde 100 % av kontrollerte søknader rett kvalitet i søknadsbehandlinga.

Målet vårt: 96 % (årlig måling)

gronn_lys80.png

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: