Fristforlenging

Viss du ikkje har moglegheit til å svare på brevet vårt innan fristen vi har gitt deg, kan du be om fristforlenging.

Viktig informasjon om fristforlenging

  • Vi svarer på alle førespurnad om fristforlenging med eit brev med ny svarfrist.
  • 1. og 2. frist: Ikkje krav om grunngjeving. Kvar frist er på seks månader.
  • Frå og med 3. frist: fristførespurnad krev vi alltid grunngjeving.
  • Kvar fristforlenging frå og med 3. frist er på tre månader.
  • Totalt tal fristforlengingar som Patentstyret innvilgar, blir konkret vurdert ut frå den einskilde saka.
  • Ny praksis gjeld både nasjonale og internasjonale varemerkesøknader.

Frist for å sende inn fullmakt

Viss det manglar fullmakt i ein nasjonal designsøknad som er klar til registrering eller ei internasjonal registrering som er klar til å givast verknad i Noreg, gir vi 2 månaders frist for å sende inn kopi av fullmakta.

Viss vi ikkje får fullmakt innan fristen, blir designet registrert/gitt verknad i Noreg utan fullmektig. I saker der avgjerd skal sendast og vi ikkje har fått fullmakt innan fristen, sender vi avgjerda direkte til innehavaren/WIPO-fullmektigen/WIPO-korrespondanseadressa.

Vi gir ikkje fristforlenging for innsending av fullmakt.

Fristforlenging i motsegnsaker

I motsegnsaker krev vi ei grunngjeving frå første førespurnad om fristforlenging. Kvar fristforlenging er på 1 månad. I desse sakene vil vi alltid orientere motparten viss vi innvilger ei fristforlenging.

Døme på grunnar vi kan godta

  • Du er i samtykkeforhandlingar og treng tid til å innhente samtykke.
  • Du treng tid til å innhente innarbeidingsdokumentasjon.

Døme på grunnar vi ikkje godtek

  • Ferieavvikling
  • Fullmektigen ventar på instruksar frå klienten

Viss grunnen manglar eller er utilstrekkeleg

Du vil få eit brev med éin månads frist til anten å sende inn ei ny grunngjeving eller svare på utsegnet vårt. Dersom vi mottek tilstrekkeleg grunn for fristførespurnaden innan denne fristen, vil vi gi ei ny fristforlenging rekna frå utløpet av den forrige svarfristen i saken. Fristen på éin månad inneber altså ikkje ein ytterlegare tilleggsfrist. Viss vi likevel ikkje mottek svar eller tilstrekkeleg grunn for fristførespurnaden innan utløpet av fristen, blir saka henlagt. Det er ikkje høve til å klage på eventuelle avslag på ein førespurnad om fristforlenging. Sjå varemerkelova § 49.

Korleis be om fristforlenging?

Send brev eller e-post til Patentstyret eller via Altinn (korrespondanse til Patentstyret) og merk førespurnaden «fristforlenging».
Oversikt over fristar i varemerkesaker

Fortsatt behandling

Viss du ikkje har overheldt den fastsette fristen, kan du i nokre tilfelle be om at søknaden blir tatt opp til behandling igjen.
Les meir om moglegheita for fortsatt behandling.

Regelverk

Sjå Forskrift om betalingar m.v. (lenka går til Lovdata).

Vi innvilger ikkje fristforlenging for å rette formelle manglar, som til dømes manglande betaling av avgift. Vi innvilger ikkje fristforlenging for lovbestemte fristar (til dømes frist for gjenopptaking, sjå varemerkelova § 23).

Har du spørsmål?

Kontakt kundesenteret vårt på telefon +47 22 38 73 00.

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: