Møter og munnlege forhandlingar
Fordelar med møter og munnlege forhandlingar
- Bidreg til rask og effektiv avklaring av spørsmål og tema i ei varemerkesak.
- Du får innsikt i korleis vi vil vurdere søknaden din.
- Vi får større forståing for problemstillingane dine og kva behov du har som kan vere avgjerende for at vi skal kunne treffe gode og korrekte avgjerd.
Møte
Eit møte har ein uformell karakter, og vi skriv normalt ikkje eit referat med ei avgjerd eller vedtak. Møte omhandlar dei spørsmåla du har i saka. Du kan be om eit møte med oss før du sender inn ein søknad til Patentstyret og under heile søknadsprosessen. Det kan til dømes vere viss du ikkje er heilt sikker på kva type varemerke eller kvafor slag varer eller tenester du skal velje. Eller viss du har behov for ei nærare avklaring av problemstillingar i saka.
Munnleg forhandling
Forhandlinga kan gjennomførast på alle stadier i søknadsprosessen for å avklare faktiske forhold, juridiske spørsmål eller spørsmål om vareoversikta i saka di. Forhandlinga kan til dømes omhandla betydinga av innlevert dokumentasjon på innarbeiding. Etter at forhandlinga er avslutta, skriv vi eit referat med ei utsegn eller avgjerd i sak. Vi har frist på to veker til å skrive eit fråsegn eller avgjerd, i motsetning til fleire månader ved skriftleg saksbehandling.
Vilkår for å krevje munnleg forhandling
- Du kan krevje munnleg forhandling éin gong per spørsmål, og du kan berre krevje forhandling om problemstillingar knytta til ei konkret sak.
- Du må ha ein sakleg grunn. Grunngje kvifor ei munnleg forhandling kan bidra å opplyse saka betre. Utanforliggande tema eller forhold som allereie er tilstrekkeleg klarlagde, reknar vi ikkje som sakleg. Vi kan avvise kravet om munnleg forhandling viss vi meiner at saka er tilstrekkeleg opplyst når det gjeld problemstillingar som du ønskjer å diskutere.
Forhandlingsprosessen i korte trekk
- Vi avgjer om vilkåra for forhandling er oppfylde, og set tidspunktet for munnleg forhandling i løpet av tre veker frå kravet blei sendt inn.
- Forhandlinga leies normalt av to forhandlingskonsulentar frå Patentstyret, og skjer i utgangspunktet i Patentstyret sine lokale. Telefon- eller videokonferanse er også mogleg. Forhandlingskonsulenten skal sørgje for at saka blir tilstrekkeleg opplyst under forhandlinga.
- Innan to veker etter forhandlinga skal forhandlingskonsulenten sende deg eit referat med ei fråsegn eller avgjerd i saka. Dersom vi skal foreta oss noko i saka, til dømes registrere den, skal vi gjere dette så raskt som mogleg etter forhandlinga.
- Viss du får beskjed om å gjere noko, må du utføre dette innan to veker etter at referatet er sendt ut. Viss du ikkje er einig i beslutninga i referatet, må du be om ei formell avgjerd i saka innan same frist. Saka blir henlagd viss du ikkje gjer noko innan fristen.
Bestemmingar om munnlege forhandlingar i varemerkesaker
Korleis be om munnleg forhandling eller møte?
Send brev eller e-post til Patentstyret, eller via Altinn (korrespondanse til Patentstyret (PS-002)) der du merkar førespurnaden "Krav om møte" eller "Krav om munnleg forhandling".