Når set vi behandlinga av ein varemerkesøknad på vent?

Den vanlegaste grunnen til å setje behandlinga av ein varemerkesøknad på vent eller stanse den, er at vi har eldre søknader med liknande merke eller merke som kan bli forveksla, under behandling.

Merka i dei eldre søknadane kan vere til hinder for registrering av merke i søknader mottekne seinare. Då set vi normalt behandlinga av den nyaste søknaden på vent inntil vi har avgjort søknaden eller registreringa som har betre prioritet.

Vi kan også setje behandlinga på vent når tilsvarande eller parallelle saker blir behandla av klageorganet KFIR eller av domstolane. Dette gjeld dersom utfallet av klagebehandlinga i KFIR eller domstolsbehandlinga heilt eller delvis kan påverke utfallet i den saka vi har under behandling.

Grunngivinga for å setje behandlinga av ei sak på vent er både «først i tid — best i rett-prinsippet» og ønsket om å få ein mest mogeleg effektiv saksbehandlingsprosess.

Avgjerda om å setje saksbehandlinga på vent gjeld for eksempel ikkje dersom fullmektigen berre ventar på eit samtykke i ei sak der Patentstyret har påpeikt mothald, eller dersom fullmektigen ventar på nærmare instruksar frå søkjaren. Då må fullmektigen be om fristforlenging.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: