Profesjonell hjelp i søknadsprosessen

Eit profesjonelt patentbyrå (fullmektig) kan hjelpe deg med å utarbeide varemerkesøknaden din, samt følgje opp viktige tidsfristar og innbetalingar.

Ein patentfullmektig er som regel ekspert på alle former for immaterielle rettar, inkludert varemerker.

Norske søkjarar i Noreg

Patentstyret krev ikkje at du oppnemner ein fullmektig. Vi sender all korrespondanse til deg som søkar eller innehavar viss du ikkje har oppnemnt ein fullmektig i saka. All korrespondanse frå oss vil hovudsakeleg vere på norsk.

Søke i andre land

Viss du skal søkje om vern for varemerket ditt i fleire land kan du nytte den internasjonale søkeordningen Madridprotokollen, eller leverer ein søknad om EU-varemerke direkte til EU si varemerkemyndigheit. Det er då ikkje noko formelle krav til å bruke profesjonell fullmektig, men å søkje internasjonalt kan opplevast komplisert og kostbart. Du bør derfor vurdere å nytte eit profesjonelt patentbyrå under heile eller delar av prosessen, også ved innlevering i Noreg

NB: Viss den norske søknaden fell bort i løpet av ein 5-årsperiode, fell også den internasjonale søknaden. I slike høve er det mogleg å omgjere den internasjonale søknaden til ein nasjonal søknad i samsvar med regelverket i kvart land der du ønskjer varemerkevern.

Utanlandske søkjarar

Utanlandske søkarar er ikkje pålagde å bruke ein fullmektig i Noreg, men all kommunikasjon mellom Patentstyret og søkar foregår på norsk.

Oversikt over profesjonelle patentbyrå

For ei oversikt over dei ulike patentbyråa og kva dei kan hjelpe deg med, kan du bruke rådgivarbasen på nettsida iprhjelp.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: