Svarfristar varemerke og fellesmerker

Oversikt over fristar for å besvare brev frå Patentstyret i varemerke- og fellesmerkesaker.

Fristar for varemerke og fellesmerke

Type svar

Frist

Svare på brev om nekting. (Når vi ikkje kan registrere varemerket ditt eller gi den internasjonale registeringa verknad Noreg, for heile eller delar av vareoversikta). 3 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Svare på brev om endring av vareoversikta. 3 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Svare på protest. 1 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Svare på oversendt brev i motsegnsak 1 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Sende inn manglande fullmakt før varemerket registrerest eller internasjonal registrering blir gitt verknad i Noreg. 1 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Motteke brev kor Patentstyret opplys om at språkkravet etter varemerkeforskrifta § 6 ikkje er oppfylt.  Innkome brev er ikkje sett på som fristavbrytande. Frist i forrige motteke brev frå Patentstyret gjeld.
Svare på brev i erstatningssak 3 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret.  Frist følgjer av brevet.
Svare på brev i omdanningssak 3 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret.  Frist følgjer av brevet.
Betale for ein eller fleire tilleggsklassar. 1 mnd frå faktura blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret.
Klage på avgjerd/vedtak. 2 mnd frå avgjerda/vedtaket blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Klagefrist for administrativ overprøving. Når motsegnsfristen er gått ut, eller når eventuelle motsegnssaker er avgjorde.
Alle fristar under saksbehandling av administrativ overprøving. Same som for motsegn.

 

Egne fristar for fellesmerke

Type svar

Frist

Svare på brev om nekting av fellesmerke. (Når vi ikkje kan registrere fellesmerket ditt eller gi den internasjonale registeringa verknad Noreg, for heile eller delar av vareoversikta) 3 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Sende inn manglande instruksar for fellesmerke i nasjonale søknadar. 1 mnd frå brevet blei sendt av saksbehandler hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.
Sende inn manglande instruksar for fellesmerke i internasjonale søknadar. 3 mnd frå brevet (Notification of Provisional Refusal based on an Ex OfficioExamination (to WIPO)) blei sendt av saksbehandlar hos Patentstyret. Frist følgjer av brevet.

Fristen fell på ei helg eller heilagdag

Dersom fristen fell på ei helg eller ein heilagdag, blir fristen forlengd til den fyrste følgjande vyrkedagen. Meir informasjon om fristar i Betalingsforskriften (lenka går til Lovdata)

Fristforlenging og fortsatt behandling 

Fristforlenging: du har moglegheit til å få fristforlenging. Les meir om fristforlenging

Fortsatt behandling: viss du ikkje har overheldt den fastsette fristen, kan du i nokre tilfelle be om at søknaden blir tatt opp til behandling igjen. Les meir om moglegheita for fortsatt behandling.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: