Varsling
Viss du er oppteken av utvalde innovatørar, bestemte fagområde eller vil følgje konkrete saker, kan du på ein enkel måte setje opp eit varsel som overvaker interessefelta dine og melder frå om aktivitetar.
Nokre døme på kva varsling kan hjelpe deg med:
- Få beskjed om kva konkurrentane dine gjer på patent-, varemerke- og designområdet.
- Sjå kva som skjer i ei sak: få beskjed om korrespondanse, motsegn, statusendringar for søknadar, avgjerder, fornyingar og når neste avgift forfell til betaling.
- Sjå kva som skjer på eit teknisk fagfelt: få beskjed om nye aktørar/konkurrentar, nye trender, nye søknader.
For å ta i bruk varsling, startar du med eit søk i søkjetenesta. I trefflista får du moglegheit til å setje opp eit varsel.
E-postar frå varslingstenesta blir sendt frå denne adressa: alert@patentstyret.no.