Fornying av varemerke, fellesmerke og ansvarsmerke

Du må betale ei fornyingsavgift kvart tiande år for å halde registreringa di ved lag. Dersom du ikkje betaler dei nødvendige avgiftene, blir registreringa avslutta. .

Endringar i registreringa

Dersom det har skjedd endringar i registreringa, for eksempel når det gjeld namn, adresse, innehavar eller fullmektig, må du melde frå om det skriftleg til oss før du fornyar registreringa. Ønskjer du å redusere tal klasser må også dette meldast skriftleg på førehand. For fleire opplysningar, sjå under menyvalet til venstre «Meld inn endringar» og «Skjema» for standardskjema.

Kor mykje, når og korleis skal det betalast?

For å finne ut kor mykje du skal betale, kan du søkje opp saka di i søkjetenesta vår. Klikk på saka i trefflista for å opne detaljert vising. Under kapittelet «Betaling» under kvar sak kan du sjå kor mykje du skal betale, og når. Klikkar du på handlevognikonet kjem du til betalingstenesta vår der du kan betale med kort eller BankAxess, eller få betalingsopplyningar for å betale via bank.

For å bruke betalingstenesta må du registrere deg som bruker.

Vi sender fornyingsbrevet til deg som innehavar eller til fullmektigen din innan 15 vyrkedagar etter at vi har motteke avgifta.

Fornyingsavgifta må vere inne på kontoen til Patentstyret før utløpsdatoen eller tidlegast eitt år før. Patentstyret sender ikkje ut faktura om fornying, men vi sender eit varsel til deg som innehavar eller til fullmektigen din cirka to månader før utløpsdatoen.

Opprett eiga varsling

Patentstyret planlegg å slutte å sende brev med varsel om fornying. Vi oppmodar deg derfor til sjølv å opprette eit gratis elektronisk varsel i søkjetenesta vår. Slik gjer du det: Søk opp saka di i søkjetenesta, og klikk på varslingsikonet til venstre. Knappen «Varsling sak(er)» kjem til syne. Klikk på knappen, og følg instruksane vidare for å opprette elektronisk varsling. Du vil da få varsling på e-post cirka ein månad før neste betalingsfrist.

Søknad etter 1. juli 2010: Dersom du søkte om vern for varemerke eller fellesmerke etter 1. juli 2010, varer registreringa i ti år frå søknadsdagen, det vil seie den dagen du leverte inn søknaden din.

Søknad før 1. juli 2010: Dersom du søkte om vern for varemerke eller fellesmerke før 1. juli 2010, gjeld den tidlegare varemerkelova for dette merket. Da varer registreringa i ti år frå den datoen varemerket eller fellesmerket blei registrert.

Ansvarsmerke: På bakgrunn av endringar i forskrifta om registrering av ansvarsmerke som tredde i kraft i 2005, skal alle ansvarsmerke fornyast kvart tiande år frå den datoen merket blei registrert.

Kva skjer om avgifta ikkje blir betalt innan fristen?

Dersom du ikkje betaler avgifta innan fristen, sender vi eit siste varsel til deg som innehavar eller til fullmektigen din. Dette brevet sender vi cirka to månader etter betalingsfristen med ein ekstrafrist på seks månader. Da må du betale ei tilleggsavgift (forseinkingsavgift). For å finne ut kor mykje du skal betale totalt, kan du søkje opp saka di i søkjetenesta eller betalingsteneste (se over).

Registreringa blir avslutta dersom du ikkje betaler avgifta.

Du kan søkje om fristforlenging eller klage på avgjerda til Klagenemnda for industrielle rettar (www.kfir.no).

Meir informasjon om regelverk

Lenkjene går til Lovdata.

Internasjonale registreringar

Du kan fornye ei internasjonal registrering gjennom WIPO (World Intellectual Property Organization), sjå "Duration of Registration; Renewal".

 

 

!

Følg konkurrentane dine

Gratis verktøy for å følgje med på det som skjer innanfor patent, varemerke og design.
Les meir

Send søknad/melding elektronisk via Altinn.

Send søknad/melding

Kva har andre gjort tidlegare og kva gjer konkurrentane dine?

Bestill forundersøking

Link to Nordic Patent Institute website

 

Lenke til Klagenemnda for industrielle rettigheter (KFIR)