Fakturaene blir av mange forveksla med rettmessige krav om betaling for registrering av patentsøknader, eller registrering eller fornying av varemerke.
Desse fakturaene har ikkje nokon samanheng med betaling for rettar i Noreg eller andre stader. Det er kun Patentstyret og din eventuelle fullmektig som kan krevje betaling for desse tenestene.
NB: Merk at opplysningar om varemerke, patent og design er offentleg tilgjengeleg. Dermed er det mogleg å bruke databasane til patentverk over heile verda for å skaffe bakgrunnsinformasjon for falske eller misvisande fakturaer.