
Noreg fell på global innovasjonsrangering
Det er WIPO (World Intellectual Property Organization) som publiserer rangeringa, «Global Innovation Index 2020». Den er eit verktøy utvikla for å samanlikne innovasjonsnivået i ulike land. Til grunn for rangeringa ligg 80 ulike innovasjonsindikatorar, og 131 land har vore vurderte. Dei andre landa som har fått topp 10 plassering er Storbritannia, Nederland, Danmark, Finland, Singapore, Tyskland og Korea.
Med unntak av Island ligg Noreg bak dei nordiske naboane sine. Dette er ikkje overraskande, og har bakgrunn i at samansetninga av næringar i Noreg skil seg frå andre europeiske land, ifølgje seniorrågjevar Bjarne J. Kvam i Patentstyret:
«Vårt høge BNP og eit stort bidrag frå olje- og gassnæringane er faktorar som kan slå ut i denne indeksen». Han peiker på at indikatorar blir skalerte ved å dele BNP for å kunne samanlikne dei ulike landa, og at Noreg høvesvis har færre verksemder som bidreg på den kreative resultatsida i målinga. «Slik hamnar Noreg lågare på lista enn nabolanda våre», seier Bjarne J. Kvam i Patentstyret.
Les meir om WIPOs innovasjonsindeks 2020
WIPO har laga ein kort video som illustrerer høgdepunkta frå innovasjonsindeksen 2020
WIPO har skrevet ein artikkel om innovasjonsindeksen i WIPO Magazine: Global Innovation Index 2020: Who Will Finance Innovation?
WIPO er FN sin verdsorganisasjon for immaterielle rettar, og har som hovudoppgåve å fremje utviklinga av immaterielle rettar globalt. Noreg er eitt av 182 medlemsland.