Strategi for Patentstyret

Ein engasjert medspelar for auka innovasjon og verdiskaping.

Atlanterhavsveien

Samfunnsoppdraget vårt

Større bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsemd frå immaterielle verdiar

Immaterielle verdiar kan utgjere inntil 90 % av verdiane i ein organisasjon. Korleis desse verdiane blir sikra og utvikla slik at dei veks i verdi, handlar om å forvalte dei på ein klok og god måte.

Når dei immaterielle verdiane i ein organisasjon eller bedrift blir forvalta godt, aukar sannsynet for å lukkast med verdiskaping.

Samfunnsoppdraget vårt handlar derfor om å vere ein medspelar som legg tilrette for god forvalting av dei immaterielle verdiane, slik at lønnsemd og verdiskaping aukar hos bedrifter og generelt i det norske samfunnet.

Visjonen vår

Gjer idéar til verdiar

Banebrytande oppfinningar endrar kvardagen vår: Innovative behandlingar reddar liv. Ny teknologi bidreg til ei berekraftig framtid. God design løyser store og små problem. Sikringsutstyret vernar deg i fjellveggen, og merkevaren du vel i butikken garanterer for kvaliteten du er van med. 

Alt dette er eksempel på idéar som er blitt til verdiar både for næringslivet, samfunnet, og som vi alle nyt godt av. Dette er verdiar vi må ta vare på og forvalte.

Vi hjelper til å gjere idéar til verdiar i bedrifter og samfunn.

Målbileta våre

Vi har tre målbilete som alle handlar om å skape verdiar. Desse tre måla gir oss retning og hjelper oss med å prioritere. Kvart år evaluerer vi korleis vi blir oppfatta av kundar, samfunn, eigarar og medarbeidarar. Denne innsikta brukar vi til å stadig utvikle og forbetre oss.

Verdi for kundane – eit kundenært kompetansesenter

Person-i-rulletrapp-på-togstasjon.jpg

Dette inneber at

  • Vi forstår næringslivet sine behov og leverer tenester som hjelper kundane i marknadene deira
  • Vi behandler saker med høg kvalitet, service og effektivitet
  • Vi formidlar på ein effektiv og god måte betydninga immaterielle rettar har for verdiskaping

Verdi for samfunnet – ein engasjert medspelar i innovasjon og verdiskaping

Oppdrettsnalegg.jpg

Dette inneber at

  • Vi jobbar for at immaterielle rettar er godt kjent og brukt i innovasjon og næringsutvikling
  • Vi er kjent som eit kompetansesenter som jobbar for betre bruk av immaterielle verdiar
  • Vi bidreg til berekraftig utvikling i nærings- og samfunnsliv

Verdi for medarbeidarane – ein attraktiv organisasjon og arbeidsplass 

Mann-smiler-mot-kamera.jpg

Dette inneber at

  • Vi styrkjer det inkluderande arbeidsmiljøet vårt og tilbyr ein fleksibel og variert arbeidskvardag med utviklingsmoglegheiter til alle
  • Vi forsterker kulturen vår prega av openheit, læring og deling internt og eksternt
  • Vi jobbar bevisst med å bruke ressursane våre meir effektivt og berekraftig

Kjerneverdiane våre styrer oss

Kjerneverdiane våre driv oss framover. Verdiane viser korleis vi skal vere. Dei pregar dei daglege arbeidet og vala vi tek. Våre verdiar er

  • truverdig
  • kunderetta
  • engasjert
  • løysingsorientert

Desse verdiane hjelper oss med å gjere visjonen levande, å fylle samfunnsoppdraget og å nå måla våre. Vi skal jamleg spørje oss sjølv, kundar og samarbeidspartnarar om vi etterlever verdiane våre.

Sentrale utviklingstrekk formar oss

Det er særleg tre utviklingstrekk som formar korleis Patentstyret skal oppfylle samfunnsoppdraget.

Vi må utvikle oss i tråd med samfunnet. Vi må fange opp behov, forstå og respondere stadig raskare. Det vi gjer i dag, er ikkje nødvendigvis godt nok i morgon. For å møte auka forventingar frå eigarar, kundar, medarbeidarar, interessentar og samfunnet, må vi utvikle oss som organisasjon og som menneske.

Vi lever i ei digitaliseringsbølgje som har enorm påverknad på oss. Når omverda tek i bruk ny teknologi og utviklar nye tenester i høgt tempo, skaper det også forventingar til oss. Vi skal tilby relevante og sikre tenester som effektivt løyser problemet til kundane. For å skape meir verdi til kundar, samfunn og medarbeidarar, vil vi investere betydeleg meir i digital teneste- og kompetanseutvikling.

Noreg er i grøn omstilling, og vi må utvikle gjeldande næringsliv og skape nye vekstnæringar, som vi kan leve av framover. Regjeringa har sett som mål å auke eksporten utanom olje og gass med 50 % innan 2030. Vi skal også redusere klimagassutsleppet med minst 55 % innan 2030. Desse måla er viktige for oss i Patentstyret. Vi skal bli opplevde som ein kompetent medspelar i det grøne skiftet.

Vi skal vere gode på å forstå behovet til næringslivet og levere tenester som hjelper norsk næringsliv med å lukkast i eksportmarknaden og med innovasjonar som gir til ei meir berekraftig utvikling.

Gjør ideer til verdier - film om Patentstyrets rolle

Patentstyrets roll [varighet 2:31]

Les mer om Bente, Eskil og Veronica er nasjonale eksperter på utveksling i EPO
VeronicaBente1-4-3 1

Bente, Eskil og Veronica er nasjonale eksperter på utveksling i EPO

Det europeiske patentverket (EPO) har ansatt flere nasjonale eksperter fra medlemslandenes patentverk i korte og lengre engasjementer. Tilsvarende sender de egne medarbeidere ut til nasjonale patentverk. Dette er en flott mulighet for de nasjonale ekspertene til å få nyttig innsikt og kunnskap, og ikke minst bli kjent med europeiske kolleger.

Publisert 19. mars 2024

Les mer om Velkommen til nye digitale Tidende
ToBølger-LysSvalgrønn-Mosegrønn

Velkommen til nye digitale Tidende

Mandag 4. mars lanserer Patentstyret Norske tidende i digitalt format. Kunngjøringer av opplysninger om patenter, varemerker og design skjer ukentlig i Norske tidende fra og med uke 10/2024.

Publisert 23. februar 2024