Kvinne søker i varemerkeregisteret på laptopen sin.

Patentstyrets database - ei viktig inspirasjonskjelde

Jobbar du med idear til ny teknologi eller nye produkt? Ofte kan det vere inspirerande å sjå kva som allereie finst av liknande teknologi på marknaden. Det kan vere noko du skal spinne vidare på, eller kanskje du finn ein nisje der det ikkje finst produkt i dag?

Ikkje krenk andres rettar

Ei kjelde til slik informasjon er søkjetenesta vår. Her finn du ei oversikt over søkte og innvilga patent, varemerke og designregistreringar. Det kan gi god innsikt i kva område som allereie er godt dekte og der det dermed ikkje er så lett å utvikle nye løysingar. Du kan òg bruke denne informasjonen til å finne ut på kva område det er best potensiale for nyutvikling.

Er du på utkikk etter eit namn til verksemda eller det nye produktet, er det smart å sjekke at ingen allereie har registrert dette namnet som varemerke. Det er bortkasta å bruke tid og ressursar på noko som du ikkje kan komme ut i marknaden med utan at du krenkjer andres rettar.

Gir god oversikt

Ei av mange bedrifter som bruker denne søkjetenesta, er Bryn Aarflot. Dei er eit fullmektigkontor som bruker tenesta for å halde oversikt over søknader og registreringar dei gjer på vegner av kundar.

– Det er ein database som er enkel å bruke og lett å blant andrelaga oversiktlege rapportar frå, seier varemerke- og designadministrator Karin Fluto.

– Som varemerke- og designadministrator bruker eg søkjetenesta fleire gonger dagleg for å gjere oppslag i databasen over eksisterande varemerke og/eller designsøknader og -registreringar. Det kan vere sjekk av status, sjekk av registrerte opplysningar,  sjekk om ei innmeld endring har funne stad etc.

Vi lagar òg porteføljeoversikter for kundane våre.

Karin Fluto

varemerke- og designadministrator, Bryn Aarflot AS

Karin Fluto, varemerke- og designadministrator i Bryn Aarflot AS.

Karin Fluto

varemerke- og designadministrator, Bryn Aarflot AS

For søkjetenesta har fleire funksjonar. Den kan mellom anna brukast til å finne andre som jobbar innanfor same område, eller potensielle samarbeidspartnarar innanfor eit prosjekt. Eller kan hende det er teknologi som er aktuelt å lisensiere for å vidareutvikle i eigne produkt? Lurar du på kva konkurrentane gjer? I søkjetenesta kan du òg finne ut om dei har søkt om patent, varemerke eller designregistrering.

For CEO i Veenner AS, Gwendoline Scarlett Mesembe, har dette vore til stor hjelp, og Mesembe fortel at selskapet ofte tek søkjetenesta i bruk.

– For oss er det bra å kunne bruke søkjetenesta for å sjå kva andre har verna. På den måten kan vi sjå om nokon jobbar med det same som oss, i tillegg til at vi får eit innblikk i sjansane for å få noko beskytta.

Gwendoline Scarlett Mesembe

CEO i Veenner AS 

Gwendoline Scarlett Mesembe, gründer og administrerende direktør i Veenner AS.

Gwendoline Scarlett Mesembe

CEO i Veenner AS 

 

Relaterte artikler

Fann du det du leita etter?

Di tilbakemelding hjelper oss med forbetringar!