AI-robot peker mot et symbol for lovparagraf på 3D bakgrunn

Skapande kunstig intelligens vs. opphavsrett

Årsskiftet 2022/2023 sette selskapet OpenAI kunstig intelligens («KI»/«AI») verkeleg på dagsordenen, med si teneste ChatGPT. Kunstig intelligens fører med seg både utfordringar og moglegheiter, og mange har sikkert fått med seg alt frå dommedagsprofetiar til store lovnader om potensialet til teknologien.

Kva betydning har kunstig intelligens for immaterielle rettar?

Kva betydning KI kjem til å få for menneskeslekta generelt, kan nok ikkje vi hos Patentstyret svare på. Det vi likevel kan seie noko om er kva betydning kunstig intelligens kan få for immaterielle rettar.  

Det er særleg generativ KI som har fått fokus i KI-bølgja som har skylt over verda den siste tida. Generativ KI er kunstig intelligens som kan produsere nytt, originalt innhald – som tekst, bilete og musikk. Ein slik KI-modell greier dette fordi han er eksponert for store mengder data relaterte til oppgåva ho er designa for, som tekst- eller biletproduksjon, og ho er programmert til å finne mønster og relasjonar i dataa. 

Desse mønstera og samanhengane som han har lært kan han nytte igjen når det gjeld generering av nytt innhald. Ei teneste som ChatGPT er til dømes trena på enorme mengder med tekst, og har av all denne teksten lært seg mønster og samanhengar i menneskeleg språk, og kan dermed formulere seg på ein svært menneskeaktig måte.   

Nesten alt materiale som ein slik KI er trena opp på, er beskytta av opphavsrett, og materialet KI-en igjen produserer, er materiale som tradisjonelt sett har kvalifisert for opphavsrettsleg vern.  Dette reiser flere spørsmål, som vi skal dykke dypere ned i videre i artikkelen. 

Krenkjer det opphavsrett å trene opp generativ KI på opphavsrettsbeskytta materiale? 

Trening av KI-modellar, som vi så vidt tok for oss innleiingsvis, involverer noko som heiter «tekst- og datautvinning», eller «text and data mining» – ofte forkorta til «TDM». Dette er eit paraplyomgrep som refererer til den automatiske prosessen kor store sett med tekst og data blir analysert for å oppdage mønster og samanhengar. Når TDM-prosessen er utført, kan KI-modellen nytte det han har lært, for å generere nytt materiale.    

Når ein utfører TDM vil det ofte vere eit uunngåeleg steg i prosessen at det skjer ei form for kopiering av materialet ein ønskjer å vinne ut frå. I prinsippet krenkjer derfor slik utvinning opphavsrett. Men, poenget med tekst- og datautvinning er likevel ikkje å kopiere dette materialet, berre å hente ut idear og fakta som ligg bak. Opphavsrett er ikkje meint å gi vern til og verne idear og fakta. Difor blir det av nokre oppfatta som paradoksalt at ein krenkjer opphavsrett når ein utfører tekst- og datautvinning. 

Det tok ikkje lang tid frå generativ KI byrja å skape overskrifter, til dens bruk av opphavsrettsbeskytta materiale byrja å skape stor debatt. På den eine sida har du dei som meiner opphavspersonar bør kompenserast for bruken av verk i KI-trening. Og på andre sida har du dei som meiner at ein meir fritt bør kunne utføre TDM og trening av KI på opphavsrettsbeskytta materiale, sidan formålet eigentleg berre er å hente ut reine idear og fakta, som i seg sjølve ikkje er meinte å vere verna.   

Ettersom TDM i utgangspunktet krenkjer opphavsrett, men ikkje har som formål å kopiere, har EU funne det nødvendig å komme med nokre særreglar som regulerer akkurat dette. Desse reglane vil ha betydning for trening av KI på materiale verna av opphavsrett. 

Ny EU-/EØS-lovgiving 

Eit EU-direktiv om opphavsrett i den digitale sfæren frå 2019, kalla Digitalmarknadsdirektivet, inneheld reglar om tekst- og datautvinning (TDM) i artiklane 3 og 4. Sidan TDM er ein sentral del av opplæringa av generativ KI, har desse reglane mykje å seie for lovlegheita av å bruke opphavsrettsleg verna materiale i slik trening. Direktivet er venta å bli gjennomført i norsk rett i løpet av 2025. 

Direktivet gjer visse former for TDM lovlege, sjølv om dei teknisk sett inneber kopiering. Artikkel 3 gir forskingsinstitusjonar høve til fritt å utøve TDM i alt opphavsrettsleg materiale dei har lovleg tilgang til. Artikkel 4 gir liknande tilgang til kommersielle aktørar – så lenge rettshavar ikkje har reservert seg. Rettshavarar får dermed ein eksplisitt rett til å motsetje seg at verka deira blir brukte i KI-trening. 

Ei utfordring her er likevel at ein førebels ikkje har nokon felles samlande føringar som seier korleis ein slik reservasjon skal sjå ut. Sidan slike reservasjonar i utgangspunktet kan komme fram på mange ulike måtar, vil det vere ei utfordring for KI-modellane som blir trena på opphavsrettsleg materiale å fange opp reservasjonane. Det er dermed ein risiko for at KI ved ein feil blir trena opp på materiale det ikkje er tillate å trene på. Om ein får slike føringar for reservasjon på plass, og korleis dei vil sjå ut, vil tida vise.  

I mai 2024 vedtok EU ei eiga KI-forordning, kalla Artificial Intelligence Act (AI Act). Denne forordninga legg til rette for eit felles regelverk for trygg og ansvarleg utvikling og bruk av KI i EU. Når det gjeld opphavsrett, fastslår AI Act at KI-tilbydarar må respektere rettshavarars rett til å reservere seg mot tekst- og datautvinning (TDM) etter digitalmarknadsdirektivet frå 2019, og dermed òg mot KI-trening. Sidan TDM-reglane blei vedtekne før generativ KI verkeleg tok av i 2023, var det tidlegare noko usikkerheit om dei faktisk gjeld for slik trening. Denne tvilen er no lagd til side av AI Act. 

Vidare stiller AI Act krav om at KI-tilbydarar må synleggjere kva for opphavsrettsbeskytta materiale som har blitt brukt i KI-treninga. På denne måten vil opphavspersonar få moglegheit til å vite når verka deira vert brukte i trening av KI, og vil i så fall kunne ta eit informert val om ein ønskjer å reservere seg mot TDM som eit ledd i KI-trening ved seinare høve. 

I fortalepunkt 106 blir det òg slått fast at reservasjonsretten skal respekterast sjølv når treninga skjer utanfor EU. Dette er meint å hindre at aktørar får konkurransefortrinn ved å leggje treninga til land med svakare vern – men reiser samstundes spørsmål om korleis dette skal tolkast i lys av det opphavsrettslege territorialitetsprinsippet, som seier at det er lova i landet der bruken skjer, som gjeld.

Får nokon opphavsrett til det generativ KI skaper? 

Vi har no sett på trening av generativ KI og om dette krenkjer opphavsrett. Ei anna side av same sak er om materialet som blir skapt av KI får opphavsrett.   

Generativ KI kan skape verk som typisk fell innanfor dei kategoriane av verk som blir verna av opphavsrett, slik som tekst, musikk og biletkunst. Men vil nokre få ein einerett i form av opphavsrett til desse verka – og kven skulle i så fall fått denne eineretten?

Kan KI-en sjølv få opphavsrett til det hen skaper? 

Sidan det trass alt er KI-en som skaper verket, er det kanskje mest naturleg å først spørje om sjølve KI-modellen kan få opphavsrett til verka han skaper. Åndsverkloven § 2 stiller krav til at det må ha skjedd ein «individuell skapande åndsinnsats» for at nokon skal få opphavsrett i eit verk. Dette kravet gir inntrykk av at opphavsrett ikkje gjeld for verk som er skapt av maskinar. Sjølv om dei blir omtalte som å ha «intelligens», er jo KI-er eigentleg berre avanserte dataprogram. I norsk juridisk teori ser det òg ut til å vere semje om at det er berre menneske som kan skape åndsverk . Ein kan nok derfor trygt konkludere med at ein KI-modell ikkje sjølv kan få opphavsrett. 

Kan den som har utvikla KI-en få opphavsrett til det hen skaper? 

Eit anna spørsmål er om den som har utvikla KI-en skal få opphavsrett. Men dei som har utvikla sjølve KI-modellen har jo eigentleg berre programmert ein god algoritme. Ut over det har dei ingen nærmare kjennskap til dei konkrete verka som KI-modellen vil produsere. Som nemnt, må det ha skjedd ein «individuell skapande åndsinnsats» for at nokon skal få opphavsrett. Om ein kan seie at utviklarane av ei teneste som ChatGPT har utøvd ein slik innsats i kvart enkelt av dei millionane av tekstar som tenesta genererer dagleg, blir nok å trekkje det for langt.

Får den som bruker ei KI til å skape verk opphavsrett? 

Eit tredje spørsmål er om brukaren av ein KI-modell kan få opphavsrett. Dersom verket blir generert automatisk etter eit enkelt prompt, vil det som regel mangle den «individuelle skapande åndsinnsatsen» som lova krev. Men dersom brukaren nyttar KI som eit verktøy i ein styrt prosess, med eigne utgangspunkt og presise instruksar, kan dette nok gi grunnlag for vern i fleire tilfelle. Skiljet går mellom å bruke KI som verktøy, og å overlate det kreative arbeidet til KI-en.

Humanoid AI robot målar ein komposisjon på eit lerret i studio
Humanoid AI robot målar ein komposisjon på eit lerret i studio

Kan innhaldsgenerande KI krenkje opphavsrett? 

No har vi sett at generativ KI, etter å ha blitt trena opp på tusenvis av allereie eksisterande verk, har lært seg å generere eigne, nye verk. Men kva skjer viss generativ KI produserer noko som er identisk med, eller liknar i stor grad på, eit verk som allereie finst – og som er verna av opphavsrett? 

Det er, som vi har sett, ikkje slik at det KI produserer er eit resultat av «klipp og lim». Generativ KI lærer seg underliggjande mønster frå eksisterande verk, og bruker desse til å produsere noko nytt. Til dømes har ChatGPT lært seg systemet i menneskeleg språk, og klarer derfor å lage nye setningar heilt på eiga hand.  

Dersom ei slik KI skaper noko som liknar på eit anna åndsverk, men det er snakk om ein type uttrykk der det finst få kreative valmoglegheiter, kan det vere tale om ei tilfeldig dobbeltframbringing. Det vil seie eit verk som er identisk eller svært likt eit anna, men som har blitt til heilt uavhengig. Dersom det faktisk er ei slik dobbeltframbringing, inneber det ikkje ei krenking av opphavsretten.  

Men dersom KI reproduserer noko som inngår i treningsdataene, og det i tillegg finst stort rom for kreative val, skal det nok ein del til å bevise at det ikkje har skjedd ei krenking av opphavsretten.

Vegen vidare – vegen blir til medan ein går 

Ei av dei største utfordringane når det gjeld samspelet mellom lovregulering og teknologi, er at teknologien utviklar seg mykje raskare enn det er mogleg å vedta nye lovar. Men med både EU-reglane om tekst- og datautvinning frå 2019, og AI Act fra 2024, har ein no teke viktige steg for å ruste seg for utfordringane mellom generativ KI og opphavsrett. Det er likevel framleis mykje som er uavklart, og noko av vegen må nok bli til medan ein går.    

Dette var òg tilfellet då internett blei allemannseige for nokre tiår sidan. Dette skapte store opphavsrettslege spørsmål og utfordringar, slik KI-eksplosjonen har gjort i dag. Dette blei løyst både gjennom bruk av eksisterande regelverk og gjennom særskilde tilpassingar der det var behov.   

Til orientering er Kultur- og likestillingsdepartementet fagdepartement for opphavsrett i Noreg. Patentstyret følgjer likevel naturlegvis med på utviklinga og forholdet mellom opphavsrett og kunstig intelligens, som eit kompetansesenter for immaterialrettar.

Relaterte artiklar

Fann du det du leita etter?

Di tilbakemelding hjelper oss med forbetringar!