IPR-forsikring - Rettstvistforsikring for immaterielle rettar

Rettstvistforsikring for immaterielle rettar –òg kalla IPR-forsikring – kan redusere kostnadsrisikoen betrakteleg viss du må ut med store beløp til advokatutgifter, rettssak eller erstatning for å forsvare dine immaterielle verdiar, til dømes patent, varemerke eller design. 

Person-på-svarberg-ser-utover-havet

Formålet med IPR-forsikring

Mange verksemder vegrar seg for å registrere og verne sine immaterielle verdiar fordi dei veit at det kan vere kostnadskrevjande å forsvare og handheve dei. 

Særleg for små og mellomstore verksemder kan det vere viktig å skape finansiell jamlikskap overfor større verksemder som har kapasitet til å køyre langvarige rettslege prosessar. 

Formålet med IPR-forsikring er derfor å minimere dei kostnadene du kan få ved ein rettstvist om immaterielle rettar, og gjere det lettare for verksemda di å forsvare seg eller heva retten sin. 

Norske verksemder har høve til å teikne IP-forsikring hos fleire forsikringstilbydarar, både norske og utanlandske. Hos dei fleste forsikringstilbydarar kan du velje mellom «skreddarsydd» forsikring eller ein meir standardisert, ferdigutvikla forsikring. 

Du må be om tilbod hos dei aktuelle forsikringsleverandørane for å få nøyaktige prisar. 

Patentstyrets rolle

IPR-forsikring er ein alminneleg forsikringsavtale mellom forsikringsselskapet og kunden. Patentstyret tilbyr ikkje forsikring, og har ingenting med desse forsikringsavtalane å gjere. Patentstyret har derfor heller ikkje ansvar for dei avtalane du inngår med forsikringsleverandøren. 

Forsikringsleverandørar som tilbyr IP-forsikring til norske verksemder 

Vi har laga ei oversikt over private, kommersielle forsikringsleverandørar som tilbyr IPR-forsikring til norske kundar. Den omfattar berre dei tilbydarane som har bede Patentstyret om å stå oppført på lista. 

Vi gjer merksame på at lista er basert på tilbydarane sine eigne opplysningar. Patentstyret gjennomfører ikkje noka form for rangering eller kvalitetssikring av tilbydarane eller produkta deira. 

Tilbydarar av IPR-forsikring til norske verksemder

Danmark

Söderberg & Partners 
Amaliegade 3,1. 1256 København K 
Tlf: +45 20 60 73 43 
Kontaktperson: Carsten Scharff Email 
: carsten.scharff@soderbergpartners.dk 

Sverige

Säkra  
AB BILLEPLATSEN5, 252 23 Helsingborg 
Tlf: +46 42 12 07 60 
Mobil: +46 709-206427 
Kontaktperson: Sigvard Åkerman 
E-post: sigvard.akerman@sakra.se

Ønskjer du å bli oppført på lista?

Alle som tilbyr IP-forsikring, kan registrere seg og bli førte opp på lista. Bedriftene som er oppførte på lista er sjølv ansvarlege for informasjonen og for kvaliteten på tenestene dei tilbyr. 

Kontakt kundesenteret vårt

Organisasjonsnummer: 971 526 157
Postadresse: Patentstyret,
Postboks 4863 Nydalen,
N-0422 Oslo
Besøksadresse: Innspurten 11C, 0663 Oslo
E-post: post@patentstyret.no
Kundesenter: +47 22 38 73 00

Telefonhenvendelser: Mandag–fredag 9.00–15.45. (15. mai–14. september: 9.00–15.00).

Vi holder åpent alle hverdager. 

Send oss en melding