Planteforedlerrett

Planteforedlerrett er ein einerett til å utnytte ein plantesort kommersielt.

Kvifor er utvikling av nye plantesortar viktig?

Dette er viktig for å sikre verda nok sunn og trygg mat. Samtidig må vi ta miljøomsyn, ikkje øydeleggje for annan natur og sikre at plantane er motstandsdyktige mot skadedyr, sjukdommar og klimaendringar. Dette gjeld òg for andre plantar enn mat, slik som dyrefor, plantar til grøntanlegg, tre til skogbruk, prydplantar osb.

Kvifor søkje om einerett?

Planteforedling er ein tidkrevjande og dyr prosess, og planteforedleren har derfor behov for ein einerett til å utnytte den foredla sorten i ein periode.

Kva er planteforedlerrett?

Planteforedlerrett er ein einerett til å utnytte ein plantesort kommersielt.

  • Vernetida er tjuefem år for tre og vinranker, og tjue år for alle andre plantar.
  • For å kunne få einerett, blir det stilt bestemde vilkår i planteforedlerloven. Sorten må vere såkalla DUS, (Distinct, Uniform, Stable) altså skillbar frå andre tidlegare kjende sortar, einsarta med tanke på at individa blir tilstrekkeleg like og stabile under formeiring.
  • I tillegg må sorten vere kommersielt ny, og han må få eit eigna sortsnavn. Sortsnavnet blir den beskrivande nemninga på sorten.

Plantesortsnemnda

Det er Plantesortsnemnda som tildeler planteforedlerrett i Noreg. I EU blir dette forvalta av CPVO (Community Plant Variety Office). Planteforedlerretten ligg utanfor EØS-avtalen.

Reglane om planteforedlerrett følgjer av planteforedlerloven.

Plantesortsnavn og varemerke

Plantesortsnavn kan vere til hinder for å registrere eit varemerke.