To jenter i skolealder med hver sin ryggsekk fra Beckmann.

Beckmann: Varemerkevern er viktig for å hindre kopiering

Beckmann har sidan 1946 utvikla skolesekker til barn og ungdom, og er i dag Skandinavias leiande merkevare for skolesekker. Dei satsar på gode og trygge produkt som varer lenge, og er opptatt av å verne både namn og design.

Fimaet har sidan oppstarten hatt fokus på å lage ergonomisk gode sekker til barn. I motsetning til dei fleste konkurrentane i bransjen, har dei sekkene som hovudprodukt. 

Dei designar og utviklar alle produkta i Noreg, mens produksjonen skjer i Kina. 60 % av omsetninga er eksport, og dei sel til over 20 land.

Sommaren 2021 blei dei kjøpte opp av eit børsnotert kinesisk selskap som driv innanfor skrivesaker og tilbehøyr. Rettar var viktig i samband med due diligence og oppkjøp. Bakgrunnen for oppkjøpet er eit ønske om å vekse i Kina.

– Då selskapet blei selt, var det heilt avgjerande at vi hadde kontroll på dei immaterielle eigendelane.

Ole Falk Hansen

Dagleg leiar Beckmann

Ole Falk Hansen, dagleg leiar i Beckmann.

Ole Falk Hansen

Dagleg leiar Beckmann

Dei har registrert namnet og logoen som varemerke, og designregistrerer nye produkt. Produkt som blei utvikla tidlegare er ikkje designregistrerte, noko dei angrar i dag. Det ville gjort det enklare å forsvare seg mot kopiering. Dei søkjer patent for unike funksjonar ved sekkene, sjølv om det meste av sekker er produsert med kjend teknologi. I Kina har dei verna spesifikke fargar og mønster med copyright.

Dei brukar to fullmektigbyrå i Noreg som hjelper dei med søknader og oppfølging av rettar, og eit eige byrå i Kina.

Dei har opplevt nokre klare kopitilfelle i Kina. I tillegg har dei hatt ein del saker med etterlikningar av design i vestlege land. Dei kontaktar alltid leverandørar som dei meiner etterliknar, og ber dei fjerne produkta frå marknaden. Dei har vunne ei etterlikningssak i Næringslivets konkurranseutval. I andre tilfelle har dei brukte marknadsføringslova for å få stoppa kopiprodukt.

Relaterte artikler