Rettstvistforsikring for immaterielle rettar

Rettstvistforsikring, også kalla IPR-forsikring, kan redusere kostnadsrisikoen betrakteleg viss du må ut med store beløp til advokatutgifter, rettssak eller erstatning.

Immaterielle rettar (IPR) er ei samlenemning for blant anna patent, varemerke, design og åndsverk. Slike rettar kan vere avgjerande for suksessen til verksemda di, fordi dei kan halde konkurrentane på avstand eller på annan måte gi viktige konkurransefortrinn. Mange verksemder vegrar seg likevel for å registrere og beskytte sine immaterielle verdiar fordi dei veit at det kan vere kostnadskrevjande å forsvare og handheve dei.

Saker som involverer immaterielle rettar, og særleg patentsaker, er ofte kompliserte og krev inngåande juridisk og teknisk kompetanse.

Særleg for små og mellomstore verksemder kan det vere viktig å skape finansiell jamlikskap overfor større verksemder som har kapasitet til å køyre langvarige rettslege prosessar.

Formålet med IPR-forsikring er derfor å minimere dei kostnadene du kan få ved ein rettstvist om immaterielle rettar, og gjere det lettare for verksemda di å forsvare seg eller hevde retten sin.

Moglegheiter for norske verksemder til å teikne IPR-forsikring

Det kan vere ein god idé å vurdere korleis du vil finansiere eventuelle krenkingar allereie når du søkjer patent, design eller varemerke.

Norske verksemder har moglegheit til å teikne IPR-forsikring hos fleire forsikringstilbydarar, både norske og utanlandske. Hos dei fleste forsikringstilbydarane kan du velje mellom «skreddersydd» forsikring eller ei mer standardisert, ferdigutvikla forsikring.

Om du vel ei standardisert eller skreddersydd løysing, vil vere avhengig av kva for behov verksemda di har, både når det gjeld det geografiske dekningsområdet, kva for rettar som forsikrast og kva det forsikrast mot (til dømes utgifter i forkant av eventuell rettsak, kostnader forbundet med rettssak, erstatningskrav, tvister om lisensiering eller konfidensialitet, gyldigheit av rettar osv.).

Kva kostar det?

Det er eit mål at forsikringspremien skal vere overkommeleg også for små og mellomstore bedrifter. Du må be om tilbud hos dei aktuelle forsikringsleverandørane for å få nøyaktige prisar.

Patentstyret si rolle

IPR-forsikring er ein alminneleg forsikringsavtale mellom forsikringsselskapet og kunden. Patentstyret tilbyr ikkje forsikring, og har ingenting med IPR-forsikringsavtaler å gjere. Vi har derfor heller ikkje ansvar for dei avtalane du inngår med forsikringsleverandøren.

Patentstyret ønskjer likevel å vere med på å gjere dette tilbodet kjent overfor rettshavarar og norske bedrifter slik at verksemdene blir klar over at tilbodet finst. Da kan du sjølv gjere eit bevisst val om du ønskjer å teikne slik forsikring for dine immaterielle rettar.

Forsikringsleverandørar som tilbyr IPR-forsikring til norske verksemder

Vi har laga ei oversikt over private, kommersielle forsikringsleverandørar som tilbyr IPR-forsikring til norske kundar. Den omfattar kun dei tilbydarane som har bedt Patentstyret om å stå oppført på lista.

Vi gjer merksam på at lista er basert på tilbydarane sine eigne opplysningar. Patentstyret gjer ikkje nokon form for rangering eller kvalitetssikring av tilbydarane eller deira produkt.

Verksemder som tilbyr rettstvistforsikring/IPR-forsikring til norske verksemder:

Noreg:

Willis AS 
Drammensveien 147 A, 0277 Oslo 
Tlf: +47 23 29 60 00 
Kontaktperson: Jan Granås 
E-post: jan.granas@WillisTowersWatson.com 
Mobiltelefon +47 94 86 48 03 
www.willis.no

If
Drammensveien 264, 0283 Oslo
Tlf Kundesenter: 21 49 24 00
www.if.no/bedrift/forsikring-for-bedrifter/ansvarsforsikring/patentforsikring  
www.if.no/privat

Gjensidige Forsikring ASA
Schweigaards gate 21, 0191 Oslo
Tlf Kundesenter: 915 03100
www.gjensidige.no/naringsliv/forsikring/ansvar/forsikring-for-immaterielle-rettigheter
www.gjensidige.no/naringsliv

Danmark:

Söderberg & Partners 
Amaliegade 3,1. 1256 København K
Tlf: +45 20 60 73 43 
Kontaktperson: Carsten Scharff 
Email: carsten.scharff@soderbergpartners.dk 
www.soderbergpartners.dk

Sverige

Säkra AB
Billeplatsen 5, 252 23 Helsingborg
Tlf: +46 42 12 07 60
Mobil: +46 709-206427
Kontaktperson: Sigvard Åkerman
E-post: sigvard.akerman@sakra.se 
www.sakra.se

Ønskjer du å bli oppført på lista?

Kontakt kundesenteret vårt.

Alle som tilbyr IPR-forsikringar kan registrere seg og bli ført opp på lista. Bedriftene som er oppført på lista er sjølv ansvarlege for informasjonen og for kvaliteten på tenestene dei tilbyr.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: