Umoralske varemerke

I varemerkeloven er det ei føresegn om at varemerke ikkje kan registrerast viss dei strir mot lov, offentlig orden eller moral. Det er ikkje ofte vi nektar eit merke på grunn av dette, men kva inneber eigentleg føresegna?

Varemerke som strir mot lov

Det er svært få varemerke vi reknar for å stri mot lov, og dette har derfor sjeldan blitt brukt av Patentstyret som grunnlag for å nekte registrering av eit varemerke. Det er langt vanlegare at det i anna lovgiving finst regulering av tilgangen til bruk av varemerke og andre kjenneteikn, som eksempelvis forbod mot reklame for alkoholhaldig drikk eller tobakksvarar.

Varemerke i strid med offentleg orden

Nektingsgrunnlaget for merke som strir mot offentleg orden er òg nokså sjeldan nytta. Det finst likevel nokre døme der dette nektingsgrunnlaget har blitt brukt i praksis.

Døme på merke Patentstyret har nekta fordi dei strir mot offentleg orden

VIGELAND-SAKA

I 2014 søkte Oslo kommune om varemerkeregistrering av seks merke som inneheldt verker av Gustav Vigeland. Her kom Klagenemda for industrielle rettar (KFIR) til at Oslo kommune ikkje kunne givast ein einerett gjennom varemerkeregistrering fordi det ville vere i strid med offentleg orden. Grunngivinga var delvis at varemerka gjenga kunstverk som er av ein heilt spesiell kulturell verdi. I tillegg fordi den opphavsrettslege vernetida på 70 år var utgått, og varemerkeregistrering av desse konkrete verka ville stri mot dei samfunnsmessige omsyna bak kvifor vi har ei opphavsrettsleg vernetid. Ei varemerkeregistrering ville i teorien kunne gi ein tidsuavgrensa einerett til verka. Du kan lese KFIRs sameinte avgjerd i Vigeland-saka på nettsidene deira.

MONA LISA-SAKA

I 2023 vart det søkt om registrering av eit svart-kvitt bilete av Mona Lisa. Kunstverket er eitt av verdas mest kjende og har ein særleg kulturell verdi. Patentstyret meinte at ei varemerkeregistrering av Mona Lisa kunne gi søkjaren ein urimeleg einerett og potensielt avgrense den frie tilgangen til verket, som ligg i det offentlege domenet fordi den opphavsrettslege vernetida har gått ut. Av omsyn til allmenta og den kulturelle verdien av verket vart merket derfor nekta registrert som stridande mot offentleg orden.

Svart-hvitt bilde av maleriet «Mona Lisa», som viser en sittende kvinne med et svakt smil og foldede hender foran et landskap i bakgrunnen.
Svart-hvitt bilde av «Mona Lisa». Motivet ble forsøkt registrert som varemerke.

Merke som strir mot moral

I dei få tilfella der Patentstyret bruker varemerkeloven § 15 bokstav a om merke i strid mot lov, offentleg orden og moral, er det i praksis som oftast for merke som strir mot moral.

Når vi skal avgjere om eit merke strir mot moral, må vi vurdere om merket krenkjer eller sårar menneske med normale oppfatningar og haldningar. Det er ikkje noko krav at ein stor del av omsetningskrinsen blir krenkt; føresegna vernar òg minoritetar. At enkelte menneske med eit særleg strengt livssyn blir støytte, er likevel ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å nekte varemerkeregistrering.

Det betyr ikkje noko for Patentstyrets vurdering at søkjaren av eit varemerke ikkje har som intensjon å støyte nokon. Vi må basere vurderinga vår på korleis det aktuelle varemerket generelt kan oppfattast når det blir brukt for dei varene og tenestene det er søkt for, uavhengig av korleis søkjaren faktisk har tenkt til å bruke merket.

Døme på merke Patentstyret har nekta fordi dei strir mot moral

JÆVLA HOMO

Patentstyret har nekta uttrykket "JÆVLA HOMO" som varemerke. Det blei prøvd registrert av NRK for mellom anna klede og tv-produksjon. Patentstyret meinte at merket vil oppfattast som støytande og sterkt nedsetjande mot ei gruppe personar, og at ei registrering av varemerket derfor strir mot moral. Det at søkjaren hadde gode intensjonar ved varemerkesøknaden og bruken av uttrykket "JÆVLA HOMO", kunne vi ikkje leggje vekt på.

RED ARMY

Hausten 2022 kom Patentstyret til at eit merke beståande av ei patron med teksten "RED ARMY" var moralstridande. Den raude armeen var namnet på den sovjetiske hæren fram til 1946, og patrona kan gi assosiasjonar til krig. Grunnet Russlands folkerettsstridige invasjon av Ukraina og den følgjande krigen, meiner Patentstyret at dette merket vil oppfattast som støytande og eigna til å vekkje forarging. Denne saka er (per desember 2022) berre førebels nekta, og ikkje endeleg avgjord.

Patron med "RED ARMY" tekst
Patron med "RED ARMY" tekst

KIRKEBRANN - TRUE NORWEGIAN BLACK CANDLE

Merket "KIRKEBRANN - TRUE NORWEGIAN BLACK CANDLE", søkt for mellom anna stearinlys, har vi òg nekta registrert. Ved denne vurderinga tok vi særleg omsyn til kyrkjebrannane som har funne stad i Noreg dei siste tiåra, særleg på 90-talet. Patentstyret la til grunn at dei fleste i Noreg meiner slike handlingar er forkastelege, og konkluderte derfor med at merket ville oppfattast som moralsk støytande. Det at merket var meint å vere humoristisk, kunne vi ikkje leggje avgjerande vekt på.

Døme på merke Patentstyret har godteke etter vurdering av mogleg moralstrid

FUCK CANCER

Den svenske organisasjonen Ung Cancer ønskte å registrere varemerket "FUCK CANCER" i 2013. Dette blei først avvist fordi vi meinte at nordmenn kunne bli støytt av at uttrykket inneheld det engelske banneordet "fuck". Etter at eit merke med den same merketeksten blei søkt i 2019, kom vi likevel til at merket kunne registrerast. I mellomtida hadde det komme presiseringar i rettspraksis knytt til moralstridande merke som tilsa ei slik løysing. Vi la ved vurderinga avgjerande vekt på at sjølv om merket inneheld ordet "fuck", blir det brukt i ein kontekst som forhindrar at ein vil oppfatte merkt som støytande.

I ettertid kom det òg ei innsigelse mot merket "FUCK CANCER", og registreringa blei oppheva. Grunngivinga var ikkje at merket strir mot moral, men at det mangla særpreg som varemerke fordi det vil oppfattast som eit generelt slagord eller kamprop mot kreft, og ikkje som eit kjenneteikn for kommersiell opprinnelse. Du kan lese Borgarting lagmannsrett si avgjerda frå mars 2025 på Lovdatas nettside.

COMFYPUSSY

Merka "COMFYPUSSY", søkt for undertøy og klede, blei ved behandling av Patentstyret rekna som moralstridande. Grunngivinga var at ordet det vulgære "pussy" ville oppfattast kvinnenedsetjande, og at merket "COMFYPUSSY" samla sett ville oppfattast som støytande. Saka blei likevel klaga på til Klagenemda for industrielle rettar (KFIR), som kom til at merket ikkje var i strid med moral. Klagenemda meinte at sjølv om "pussy" er eit noko vulgært ord, ville ikkje samansetninga "COMFYPUSSY" oppfattast som støytande.

KAFFE & KUK

Eit anna merke som fekk enkelte hos Patentstyret til å setje kaffen i vrangstrupen, var "KAFFE & KUK", søkt registrert i 2025. Merket vart vurdert som noko drøyt i uttrykksforma, men ikkje som i strid med moral. Sjølv om ordet "kuk" ikkje er eit særleg pent ord for mannleg kjønnsorgan, meinte Patentstyret at den gjennomsnittlege nordmannen ikkje ville bli direkte støytt av merket. Liknande konklusjon vart òg trekt i Sverige, der Patent- og marknadsrettsdomstolen kom til at merket ikkje var moralstridande, og saka er no rettskraftig avgjord der. 

Føretaksnamneloven har ei tilsvarande føresegn

Føretaksnamneloven har ei føresegn i § 2-5 om at du ikkje kan registrere eit føretaksnamn i Føretaksregisteret som er "eigna til å vekkje forarging". Sjølv om føresegna har ein annan ordlyd enn "strir mot moral"-føresegna i varemerkeloven, er vurderingane etter desse føresegnene i utgangspunktet den same. Føretaksnamn blir likevel søkt hos Føretaksregisteret, og det er Føretaksregisteret som gjennomfører vurderinga.

Eit døme på eit føretaksnamn som det har blitt vurdert om er "eigna til å vekkje forarging", er føretaksnamnet "FETTE REINT AS". Her kom Føretaksregisteret til at ordet "fette" ville oppfattast som kjønnsdiskriminerande, og dermed at føretaksnamnet kunne vere eigna til å vekkje forarging. Saka blei deretter klaga på til Nærings- og fiskeridepartement. Departementet uttalte at det ikkje vil vere eigna vekke forarging å bruke ordet "fette" i seg sjølv, sjølv om ordet skulle referere til det kvinnelege kjønnsorganet, men at det avgjerande vil vere om ordet blir brukt på ein kjønnsdiskriminerande eller grov måte. Det blei konkludert med at ordet "fette" ikkje blei brukt på ein kjønnsdiskriminerande eller grov måte i denne saka, og at namnet "FETTE REINT AS" dermed ikkje ville vere "eigna til å vekkje forarging".

Du blir ikkje nekta bruk

Det er viktig å påpeike at Patentstyret ikkje nektar nokon å bruke eit varemerke som vi reknar som moralstridande. Nektingsgrunnen gjeld berre for registreringa av eit varemerke. Det er likevel mange fordelar med å ha eit registrert varemerke, då dette gir innehavaren ein dokumentert einerett til å bruke merket i næringsverksemd.

Les meir

Relaterte artikler