Ansvarsmerke for gull-, sølv- og platinavarer
Ein gull-, sølv- eller platinavare som blir stempla med finhetsmerke, skal samtidig stemplast med eit ansvarsmerke.
Kva er eit ansvarsmerke?
Eit ansvarsmerke fortel kven som har ført varet ut i marknaden (kven som er produsent eller importør). Det gjer det mogleg å identifisere kven som har laga varet, til dømes kva gullsmed.
Eit ansvarsmerke består gjerne av av namna til framstillaren, ei forkorting av dette eller eit symbol. Merket skal ikkje innehalde finhetsgrad, til dømes 585 eller 925.
Ansvarsmerket du stemplar på varene dine må vere identisk med ansvarsmerket du har registrert i Patentstyret.
Kva er eit finhetsmerke?
Eit finhetsmerke er ein garanti for graden av reinleik eller finheit i edle metall. Finheten blir avgjord ved offisiell testing av metallet. Finhetsmerket er eit offisielt merke eller ein serie merker som blir stempla på varer laga av edelt metall, til dømes platina, gull og sølv.
Justervesenet fører tilsyn med at varer som blir marknadsførte som gull, sølv og platina er stempla med eit gyldig ansvarsmerke og ein tillaten finheit. Dette inneber at Justervesenet kan komme på tilsynsbesøk ved utsalsstader. For spørsmål om finhetsmerker, ta kontakt med Justervesenet.
Kvifor må varet merkast med eit ansvarsmerke?
Viss du er i gull- og sølvsmedbransjen og vil selje eigenproduserte varer, har du plikt til å ha eit ansvarsmerke slik at produsenten kan identifiserast. Ansvarsmerket skal registrerast hos Patentstyret. Ansvarsmerket skal vere eit hjelpemiddel til å halde ved like tillit til varer av edle metall og skal sikre at den verkelege finheten til ei vare er i samsvar med den finheten som er stempla på varet.
Oversikt over ansvarsmerke i Noreg
Du finn ei oversikt over ansvarsmerke i Noreg i søkjetenesta vår. Her kan du sjå korleis merket ser ut og kven som er innehavar av merket. Innehavaren av merket kan vere ein annan enn den eventuelle gullsmedforretninga som sel smykket. Ver merksam på at ikkje alle merka som står oppført er gyldige. Hugs derfor å sjekke status. Patentstyret har inga oversikt over alle eldre ansvarsmerke som ikkje lenger er i kraft.
Registreringar av ansvarsmerke blir kunngjorde i Norsk varemerketidende på Patentstyrets nettsider.
Registrering av ansvarsmerke
Registreringa skjer hos Patentstyret. Det er ikkje noko sentralt register i EU/EØS, men nasjonale register i kvart enkelt land.
Bruk søknadsskjemaet i Altinn. Du får kvittering omgåande.
Kor lenge varer ei registrering?
Ei registrering gir vern i ti år, og registreringa kan fornyast kvart tiande år mot ei avgift. Dette kan skje uendeleg mange gonger.
Kva kostar det å registrere eit ansvarsmerke?
- Søknadsavgift: kr 1000
- Gjenopptaking av bortlagd søknad: kr 500
- Fornying av ansvarsmerke: kr 700
- Tilleggsavgift der krav om fornying blir levert etter utgangen av registreringsperioden (respittavgift): kr 300
- Administrativ overprøving av registrering: kr 2500
Når kan du forvente svar?
Vi tek søknaden opp til behandling innan 1 månad etter at du har betalt søknadsavgifta.
Viss du ikkje betaler elektronisk ved innlevering, sender vi deg ein faktura på søknadsavgifta innan 1 veke etter at vi har fått søknaden. Du får frist på 1 månad for å betale fakturaen.
Vi undersøkjer om det er nokre formelle manglar ved søknaden. Deretter undersøkjer vi om det finst hinder for at vi kan registrere merket, det vil seie om merket strir mot lov, offentleg orden og moral, om det er eigna til å villeie eller om det er eigna til å bli forveksla med ein annans ansvarsmerke, eldre merke eller innarbeidde merke.
Viss vi finn formelle feil eller hinder for registrering, skriv vi til deg og gir deg ein frist på 3 månader for å rette feila eller sende oss eit endra merke. Viss du sender oss eit endra merke i den eksisterande søknaden, vil vi undersøkje dette som eit nytt merke.
Når alt er i orden med søknaden registrerer vi ansvarsmerket omgåande og sende deg eit registreringsbevis i Altinn eller i posten viss du ikkje nyttar Altinn.
Klage på registrering av ansvarsmerke
Viss du meiner at Patentstyret har registrert eit ansvarsmerke på feil grunnlag, kan du klage på dette ved å sende eit skriftleg krav om administrativ overprøving til oss.
Kravet må innehalde:
- namnet og adressa til den som leverer kravet
- nummeret på registreringa som krevst overprøvd
- kva grunnar kravet byggjer på
- nødvendig dokumentasjon av dei forholda som gjeld for kravet
Alle kan krevje administrativ overprøving av eit ansvarsmerke så lenge registreringa består.
Importerer du varer av edelt metall frå EU/EØS-land?
Viss du importerer varer av edle metall frå EU/EØS-land som er lovleg stempla i eit slikt land, treng du som importør eller forhandlar av slike varer ikkje stemple dei med norsk ansvarsmerke. Dette gjeld berre viss det aktuelle merket som allereie er stempla på varet ikkje er eigna til å bli forveksla med eit norsk ansvarsmerke. Dette kan du sjekke i ansvarsmerkeregisteret hos Patentstyret.
Produsenten av varet må kunne identifiserast, og du må kunne dokumentere at merket er ført på varet på lovleg måte. Før ei vare blir lagt ut for sal, skal du som importør eller forhandlar av varene gi melding til Justervesenet med opplysning og dokumentasjon av stemplinga. Det er Justervesenet som utfører kontroll av varer av edelt metall. Du finn meir informasjon og kontaktperson på Justervesenets sider.
NB: Hugs at eit ur blir rekna som edelt metall viss finheten tilseier dette. Hugs òg at Sveits ikkje er eit EØS-land og at viss ein importerer edelt metall derfrå, må ansvarsmerket registrerast hos Patentstyret - sjå info under om import frå land utanfor EU/EØS.
Importerer du varer av edelt metall frå land utanfor EU/EØS?
Viss du importerer varer i edelt metall frå land utanfor EU/EØS-området, må varene vere påstempla eit ansvarsmerke som er registrert hos Patentstyret. Som importør er du ansvarleg for at finhetsgraden som er stempla på varet er i samsvar med den verkelege finhetsgraden.