Betaling og fornying av rettar

Registrerte rettar som varemerke og design må fornyast etter ei gitt tid for å framleis vere gjeldande. For patent må det betalast ei årsavgift. Når må du betale, og korleis betale fornyingar, årsavgifter og andre fakturaer? Du finn info om dette på denne sida.

Kor lenge varer retten?

Registreringa av varemerke, design og patent har ulik varigheit. 

Registreringa varer i ti år frå søknadsdatoen. Du kan fornye registreringa di så mange gonger du ønskjer. 

Ei designregistrering varer i fem år. Du kan fornye registreringa di for fleire periodar i inntil maksimalt 25 år til saman. 

Du må betale ei årsavgift for å halde oppe eineretten til patentet ditt. Eit patent kan maksimalt vare i 20 år frå innleveringsdagen. For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan du i visse tilfelle søkje om inntil fem års forlenging av vernetida 

 

Registreringa gir vern i ti år. Du kan fornye registreringen kvart tiande år så mange gonger du ønskjer.

 

 

Korleis vite når du må betale årsavgift og geby?

Det er frivillig om du vil halde oppe søknaden eller retten din. Vi sender derfor ikkje ut faktura for årsavgift og fornyingsgebyr.

Men, vi sender deg eller fullmektigen din eit varsel ca to månader før betalingsfristen. 

Patentkundar med fullmektig blir berre varsla når den første avgifta skal betalast. Vi tilrår derfor at du òg opprettar eit gratis elektronisk varsel. 

Husk å melde frå om endringar før fornying

Viss du skal gjere endringar i søknaden eller registreringa, må du melde dette skriftleg til oss i god tid før du betaler fornyinga.

Slik betaler du årsavgifter og fornyingar

Du kan betale ved å logge deg inn i betalingstenesta vår. Har du ikkje moglegheit for innlogging, kan du betale direkte via nettbank. 

  • Kontonummeret for betaling av årsavgifter og fornyingar: 8276.01.00192. 
  • Oppgi søknadsnummer, eventuelt registreringsnummer for varemerke, design og ansvarsmerke, eller patentnummer for eit kunngjort patent. 
  • Ved betaling frå utlandet, bruk IBAN-nummeret: NO8282760100192. BIC/SWIFT: DNBANOKKXXX. 
  • NB: Du får ikkje tilsendt kvittering viss du betaler direkte i nettbanken. 

Slik finn du ut kor mykje du skal betale

  • Søk opp og vel søknaden eller retten din i registeret vårt. 
  • Under feltet «Betaling» til venstre kan du sjå kor mykje du skal betale og når.
  • Klikk på handlevognikonet for å kome til betalingstenesta vår.

For å kunne betale elektronisk, må du registrere deg som brukar hos oss.

Betalingsfrist

Du må betale avgifta eller gebyret innan fristen for å unngå forseinkingsgebyr og mogleg bortlegging av patentsøknaden din eller opphøyr av patentet, varemerke- eller designregistreringa. 

Varemerke

Fornyingsavgifta for varemerke*: 

  • Varemerkeregistreringar som går ut før 1. mars 2024: Registreringar kan fornyast tidlegast eitt år før og seinast seks månader etter.
  • Varemerkeregistreringar som går frå ut og med 1. mars 2024: Registreringar kan fornyast tidlegast seks månader før og seinast seks månader etter.

*Dette er på grunn av overgangsreglane i samband med nytt regelverk.

Design

Du kan betale fornyingsavgifta for design tidlegast eitt år før betalingsfristen.

Patent

Årsavgifta for patent kan tidlegast betalast 6 månader før betalingsfrist.

Utsending av fornyingsbevis

For varemerke og design sender vi fornyingsbevis til innehavar eller fullmektig ca. 10 dagar etter at vi har fått betalinga.  

Fornyingar og årsavgifter i andre land

Avgifter og gebyr knytt til fornyingar av varemerke- og designregistreringar og årsavgifter på patent varierer frå land til land. For å vite kor mykje du skal betale i andre land, må du ta kontakt med fullmektigen din eller med patentverket i det aktuelle landet.

Kva skjer om du ikkje betaler innan fristen?

Om du ikkje betaler avgifta eller gebyret innan fristen vil det tilkomme forseinkingsgebyr. Vi sender då ut eit varsel til deg eller til fullmektigen din. For å halde oppe retten må du då betale årsavgifta eller fornyingsavgifta og dessutan ei forseinkingsavgift innan seks månader frå den opphavlege betalingsfristen.

Dersom vi ikkje har fått innbetaling seinast seks månader etter siste betalingsfrist, vil patentsøknaden din blir endeleg lagde bort eller patentet ditt, varemerke- eller designregistrering vil avsluttast.

Viss du ikkje har overhalde siste frist for betaling, og du dermed har tapt retten din, kan du be om at saka likevel blir teken under framleis behandling.

Betaling av fakturaer

Betalingsinformasjon for deg som skal betale fakturaer:

Bank: DNB Bank ASA
Adresse: 0021 Oslo, Norge

Konto for betaling av faktura 
Kontonummer: 8276.03.00078
BIC/SWIFT: DNBANOKKXXX
IBAN: NO4682760300078

Patentstyret bruker elektronisk handelsformat (EHF).

Vær oppmerksom på mulige falske fakturaer

Med jevne mellomrom mottar privatpersoner og firmaer i Norge falske eller misvisende tilbud eller fakturaer fra inn- og utlandet knyttet til sine varemerker og patenter.

Fakturaene blir av mange forvekslet med rettmessige krav om betaling for registrering av patentsøknader, eller registrering eller fornyelse av varemerker.

Merverdiavgift

Ulike gebyrer og avgifter er uten merverdiavgift (mva.).

Forundersøkelser er en kommersiell tjeneste, og mva. kommer som et tillegg til prisen. Dette vil du se i prislisten.

Har du spørsmål om betaling av avgifter og gebyr?

Kontakt kundesenteret vårt på telefon +47 22 38 73

Organisasjonsnummer: 971 526 157
Postadresse: Patentstyret.
Postboks 4863 Nydalen
N-0422 Oslo
Besøksadresse: Sandakerveien 64, 0484 Oslo
E-post: post@patentstyret.no
Kundesenter: +47 22 38 73 00

Telefontid: Måndag–fredag 9.00–15.45.

Vi har ope alle vekedagar.

Bokmål: Fornying av rettar (nynorsk) heter fornyelse av rettigheter på bokmål. Vi skriver dette for at siden skal bli lettere å finne for deg som bruker bokmål når du søker.