Åtvaring mot falske fakturaer

Med jamne mellomrom mottek privatpersonar og firma i Noreg falske eller misvisande tilbod eller fakturaer frå inn- og utlandet knytte til sine varemerke og patent.

Kva for fakturaer er dette?

Fakturaene blir av mange forveksla med rettmessige krav om betaling for registrering av patentsøknader, eller registrering eller fornying av varemerke.

Desse fakturaene har ikkje nokon samanheng med betaling for rettar i Noreg eller andre stader. Det er berre Patentstyret og eventuelt fullmektigen din som kan krevje betaling for desse tenestene. 

Opplysningar om varemerke, patent og design er offentleg

Dermed er det mogleg å bruke databasane til patentverk over heile verda for å skaffe bakgrunnsinformasjon for falske eller misvisande fakturaer.

Selskap som sender ut falske krav

Nedanfor finn du ei liste over nokre av dei selskapa som har sendt ut falske eller misvisande krav eller tilbod om katalogoppføringar retta spesielt mot varemerke- og patentrettar.

Lista er ordna kronologisk, dvs. i den rekkjefølgja vi har fått informasjon om verksemda deira (dei sist mottekne ligg øvst).

  • EUIPP - Europe IP Protection
  • EPTP - European Patent & Trademark Protection
  • TPS - Trademark Publications
  • Worldwide Trademarks
  • Intellectual Property Trademark Organization
  • EU Brand Protection
  • European Intellectual Property Services (Brno, Tsjekkia)
  • WTPR - World Trademark and Patent Register (Sofia, Bulgaria)
  • European Agency Intellectual Property EAIP (Bulgaria)
  • IP-Organisation - Intellectual Property (Warsaw, Polen)
  • Levin Nyman Partners (Stockholm, Sverige). Svartelistet av Svensk Handel.
  • WIPTO - World International Patent and Trademark Observer (Warsaw, Polen)
  • IPS - Intellectual Property Services (Brno, Tsjekkia)
  • TRE Service - Registration of the Trademark (Sofia, Bulgaria)
  • WIPOT - Trademark Protection (Beograd, Serbia)
  • WOIP - World Organization Intellectual Property Kft. (Ungarn)
  • WPTR - World Patent and Trademark Register (Tsjekkia)
  • WTP Warsaw (Polen)
  • WTP - register Trademark Publication (Polen/Litauen)
  • IPTR - International Patent and Trademark Register (Tsjekkia)
  • IPATD - International Patent and Trademark DIrectory
  • Brand Registration Office (Tyskland)
  • IOIP - International Organisation Intellectual Property (Ungarn)
  • ITR Register / ITR Service (London og Polen)
  • World Patent & Trademark Service (Tsjekkia)
  • TM-Edition - International Catalogue of Trademarks (Ungarn)
  • Glopat (Bratislava)
  • World Organization for Trademarks (WOTRA), Ungarn
  • World Organization for Trademarks (OTRA), Ungarn
  • International Trademark Publication Register (TPR) (Warszawa, Polen)
  • International Trademark Register (ITR) (Skarżysko-Kamienna, Polen)
  • IP save (Tsjekkia)
  • European Trademark and Patent Publications (TPP) (Korzalin, Polen)
  • European Trademark Register (Zorawina, Polen)
  • European Trademark Publication (ETP) (Bratislava)
  • Patent and Trademark Institute (Sveits)
  • WPTS - World Patent & Trademark Service (Tsjekkia)
  • RPT Servis (Slovakia)
  • IPTO: International Patent and Trademark Organization (Tsjekkia)
  • Patent & Trademark Agency Ltd (Nederland)
  • Merke- og patentservice
  • Varemerke-organisasjonen AS
  • Varemerke Byrå 
  • International Patent and Trademark Service (Polen)
  • World Intelligent Property Office
  • European Trademark Publication Register (TPR) (Bratislava)
  • Nordic Domain Hosting (Sverige) eller Nordic Hotel Hosting (Sverige)
  • Bolerino AB (Sverige): Mykje tyder på at dette er Nordic Domain Hosting (NDH Sweden AB) i ny forkledning (se over)
  • Professional Web Solutions Ltd – Asia Domain Name Registration (PWDNR) (Kina)
  • Trademark Selection Inc. (Sveits)
  • TM Worldwide BT, Ungarn
  • TM Collection Ltd
  • Gaia Almanach Ltd
  • Gaia Almanach Ltd (Ungarn)
  • The Marks KFT
  • International Catalogue of Trademarks
  • STR – Suomen Tavaramerkkirekisteröinti Oy (Finland)
  • W.O.I.P. (Storbritannia)
  • TM Selection GmbH
  • WDTP - Worldwide Database of Trademarks and Patents
  • IP Data - Register of the International Patents (Tsjekkisk republikk)
  • IP Data - Register of the International Trademark (Tsjekkisk republikk og Slovakia)
  • World Intellectual Property Publishers (WIPP) (USA)
  • UPTS - Registration of the International Patent (Tsjekkisk republikk og Slovakia)
  • WIPT - Registration of International Patent (Slovakia)

Sjå døme på WIPO sine nettsider:

Kven sender ut rettmessige krav?

Patentstyret

Vi krev inn avgifter for patent-, design- og varemerkerettar. Søknad om og registrering av slike rettar med verknad i Noreg kan berre gjerast gjennom Patentstyret.

EUIPO

Ved registrering av EU-varemerke betaler du avgiftene direkte til EUIPO (European Union Intellectual Property Office). Du kan lese meir om falske krav på EUIPOs nettsider.

WIPO

World Intellectual Property Organization (WIPO) har publisert ei oversikt over selskap som står bak slike falske tilbod. Du finn også meir informasjon om problemet på WIPO sine nettsider.

Det europeiske patentverket (EPO)

EPO har publisert ei åtvaring mot falske krav på sine nettsider.

Er du usikker på ein faktura du har fått?

Kundesenteret vårt kan hjelpe deg med å vurdere om det kan vere svindel.