Føretaksnamn

Føretaksnamn (tidlegare firmanamn) blir registrert i Føretaksregisteret i Brønnøysund. Her kan du lese meir om kva som skal til for å få vern for føretaksnamnet ditt.

Les mer om Sjekk om namnet er ledig

Sjekk om namnet er ledig

«Namnesøk» er ei søkjeteneste som gjer det enkelt for deg å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.

Korleis skal du registrere føretaksnamnet ditt?

For å registrere ditt føretaksnamn gå til Føretaksregisteret i Brønnøysund.

Du kan registrere namn som direkte beskriv verksemda til føretaket ditt, men då vil du berre få vern mot heilt identiske namn. For at du skal hindre andre i å bruke forvekselsberre namn, må namnet ditt vere særprega.

Registrere føretaksnamn som varemerke?

I visse tilfelle kan eit føretaksnamn òg registrerast som varemerke.

Eit føretaksnamn utan særpreg har mindre verdi, sidan du ikkje kan hindre andre i å registrere eit føretaksnamn som liknar.

Kontorlokaler i Bjørvika, Oslo

Vern av føretaksnamn

Viss du registrerer eit namn som direkte beskriv verksemda til føretaket ditt, vil du berre få vern mot heilt identiske namn. For å hindre andre i å bruke eit namn som kan forvekslast med ditt namn, må du velje eit særprega namn.

Eit særprega føretaksnamn vil seie eit namn som ikkje beskriv kva bransje du er i. Då kan du hindre andre i å registrere føretaksnamn som kan forvekslast med ditt.

Eit par døme på føretaksnamn som har særpreg er Freia AS og Ruter AS. Namnet beskriv ikkje kva varer eller tenester dei yter, det er eit oppdikta namn.

Jo meir særprega føretaksnamnet er, jo større vern vil det ha mot andres føretaksnamn og varemerke.

Føretaksnamnet ditt kan beskrive kva bransje du er i. Med eit beskrivande namn er det enklare for deg å reklamere for varene og tenestene dine, fordi kundar lettare vil sjå kva bransje du opererer innan ved å sjå på føretaksnamnet ditt.

Men du kan få problem med konkurrentar. Du kan nemleg ikkje hindre andre i å ha liknande beskrivande namn som sine føretaksnamn. 

Døme: Har du valt eit namn som "Rørleggerservice AS" kan du ikkje hindre andre i å registrere "Rørleggerservice 1-2-3 AS" eller "Grünerløkkas Rørleggerservice AS".

Beskrivande namn kan føre til ulemper som at du får posten til konkurrentane eller dei får posten din. Det kan òg bli vanskeleg å skilje seg ut i marknaden og kundane kan lettare velje konkurrenten din fordi namna er så like. 

Klage på føretaksnamn

Viss du meiner at eit føretaksnamn registrert i Føretaksregisteret er forvekselsbart med ditt føretaksnamn eller varemerke, kan du sende inn ein klage til Patentstyret. Det same gjeld òg viss føretaksnamnet krenkjer rettane dine til verna personnamn.

Det er berre føretaksnamn som er registrert i Føretaksregisteret du kan klage på. Føretaksnamn som berre er registrert i Einingsregisteret fell utanfor ordninga.

Forvekselsberre føretaksnamn betyr til dømes at det liknar på ditt føretaksnamn eller varemerke, anten ved måten namna ser ut eller blir skrivne, eller ved måten dei blir uttalte. Det som blir avgjerande er om andre (dei potensielle kundane dine) kan ta feil av dei.
 

Les meir om klage på føretaksnamn
sok-etter-foretaksnavn-pa-laptop

Namnesøk

«Namnesøk» er ei søkjeteneste som gjer det enkelt for deg å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.

Tenesta er eit samarbeid mellom Patentstyret (varemerke), Norid (domenenamn) og Brønnøysundregistera (føretaksnamn). Denne søkjetenesta er gratis og open for alle.

Gå til navnesok.no

Lær meir om ulike rettar

Sjå alle arrangementa og opptaka våre
  • How can you build a strong brand when exporting?

    Experts from the EUIPO, NIPO, Innovation Norway, and Norwegian companies give you tips and examples for building a brand using trademarks, designs and the origin label "Made in Norway". (English speaking event)

    • Onsdag 23. oktober 2024 kl. 09.00 - 10.35

  • A technical workshop for patent examiners and IP managers, using real examples from aquaculture (English speaking event).

    • Onsdag 6. november 2024 kl. 09.00 - 12.00

  • Lær hvordan en helhetlig forståelse av IP kan styrke virksomheten din.

    • Tirsdag 12. november 2024 kl. 09.00 - 18.30