Fire babyer i en seng med bodyer merket med Anue

Anue sikrar rettane for å skaffe seg konkurransefortrinn

Anue har utvikla eit hjelpemiddel for å ta vare på donormjølk. Dei satsar globalt, og sørgjer for å sikre rettar i dei marknadene dei går inn i.

Anue er ei helseteknologibedrift frå Bodø, som blei etablert av barnesjukepleiar Jeanette Grønnslett i 2018. Selskapet har utvikla, patentert og lansert eit lukka system for oppsamling, lagring, testing og distribusjon av donormjølk. Dette er ein teknologi som kan nyttast innanfor fleire ulike bransjar, og med globalt marknadspotensial. Dei tilbyr i dag Anue Concept Kit til sjukehuskundane sine.

Rettar gir konkurransefortrinn

– Det har vore viktig for oss å verne teknologien vår for å sikre oss konkurransefortrinn i marknaden, og vareta dei immaterielle rettane til selskapet, seier administrerande direktør i selskapet, Jeanett Grønnslett. –Teknologien er overfør til andre industriar, og patenta våre kan bli inntektskjelde gjennom lisensavtalar med interessentar. Dei har i dag patent i UK, og får det antakeleg i EU i løpet av hausten. Vidare har dei søkt Canada, USA, Sør Afrika, Brasil, Japan, Dei sameinte arabiske emirata, Kina, India, Australia og Israel.

Dei har 6 designvern i Noreg og EU. Namn og logo er varemerkebeskytta i fleire kategoriar i Noreg, og er søkt registrert i EU, Israel og USA.

– Rettigheter som patent og varemerke er viktig for Anue. Det gir oss en sterk posisjon i markedet, og mulighet for å styrke og bygge vårt brand.

Jeanette Grønnslett

Barnesjukepleiar og administrerande direktør i Anue

Jeanette Grønnslett, Administrerende direktør i Anue

Jeanette Grønnslett

Barnesjukepleiar og administrerande direktør i Anue

Anue har ein medviten IP-strategi. Dei har valt å gå ganske breitt ut med sjølve patentet, og vel seg ut nye marknader for varemerke etter kvart som dei skal inn i nye land.

Dei har så langt ikkje opplevd kopiering eller at nokon har krenkt rettane deira.

Slik fungerer produktet

Thumbnail-Anue

Anue bedriftspresentasjon [varighet 1:37]

Ekstern hjelp viktig

Anue har nytta ekstern fagkompetanse til søknadsprosessen, og Grønnslett seier dei har fått veldig god hjelp frå Dehns og Bryn Aarflott. Ho er òg godt fornøgd med mykje god rådgiving frå Innovasjon Noreg og Patentstyret, heilt frå idefasen.

Råd til andre verksemder

– Sjekk ut kva som finst av eksisterande løysingar før du byrjar på ein eventuell patentprosess. Dette kan Patentstyret hjelpe med, seier Grønnslett. – Ha gode fortrulegheitsavtalar når du samarbeider med andre, og ikkje del sensitiv informasjon offentleg før ein patentsøknad er levert inn!

Lær av andre

Les mer om ASAP Norway satser internasjonalt med spesialtilpasset oppdekningsutstyr
Bilde av en sykepleier som legger på et spesielt laken på en sykehusseng.
  • Kundehistorier
  • Patent
  • Varemerke

ASAP Norway satser internasjonalt med spesialtilpasset oppdekningsutstyr

Gjennom mange års arbeid på en fødeavdeling, opplevde Astrid Skreosen at sykehusets fødelaken ikke fungerte optimalt. Hun utviklet et nytt produkt som skulle gi en bedre opplevelse for både de fødende og de som jobbet på fødestuen. Sikring av rettigheter har vært viktig fra starten.

Publisert 11. januar 2023

Les mer om Lifecares sensor gjør det enklere for diabetespasienter
Bilde av en hånd med en plasterlignende sensor
  • Kundehistorier
  • Patent

Lifecares sensor gjør det enklere for diabetespasienter

Lifecare utvikler biosensorer som overvåker blodsukkeret - glukosenivået - hos mennesker med diabetes. Ved å patentere teknologien underbygger de innovasjonskompetansen, får et fortrinn fremfor konkurrentene og kan lettere videreutvikle teknologien.

Publisert 19. april 2022

Les mer om No Isolation tar godt vare på varemerket sitt
Elever i klasserom med robot på en pult
  • Kundehistorier
  • Design
  • Patent
  • Varemerke

No Isolation tar godt vare på varemerket sitt

«Enn så lenge har ikke No Isolation opplevd kopiering av produktene eller misbruk av varemerkene våre. Samtidig er dette en kontinuerlig trussel vi tar på det største alvor.»

Publisert 18. oktober 2023