Domenenamn
Korleis registrerer eg eit domenenamn?
Norid registrerer domenenamn under .no-domenet. Dei tek ikkje imot søknadar om domenenamn direkte. Alle søknadar må sendast inn via ein registrar. Gå inn på www.norid.no for å finne ei oversikt over registrarar som Norid har avtale med, og les meir om registreringsvilkåra.
På Norid si side finn du også ei oversikt over kva for geografiske og generiske toppdomene du kan registrere under. Eit toppdomene er det ordet som står etter punktum i domenenamnet. I tillegg til land som for eksempel .no. og .se finst det mange andre toppdomene, for eksempel .cars eller .toys.
Sjå lista over mange såkalla generiske toppdomene på norid.no.
Kven kan søkje?
Det er forskjellige vilkår for registrering under dei ulike toppdomene. Under .no kan bedrifter og organisasjonar registrert i Einheitsregisteret i Brønnøysund søkje, samt privatpersonar over 18 år som er registrert i Folkeregisteret. Alle abonnentar må ha norsk postadresse.
Kva for retter følgjer av ei registrering av domenenamn?
Registrering av eit domenenamn gir ikkje nokon rett i seg sjølv. Eit domenenamn er i utgangspunktet kun ei adresse på internett. Har du ingen rett til namnet du registrerer som domenenamn, så etablerer du heller ikkje ein rett ved å registrere domenenamnet. Viss du har brukt eit domenenamn lenge, kan det likevel vere med i vurderinga om du har ein innarbeidd varemerkerett.
Kan fleire ha rett til same domenenamn?
Eit domenenamn er unikt og kan berre ha éin innehavar under same toppdomene. Same domenenamn kan likevel vere registrert på forskjellige innehavarar under ulike toppdomene, til dømes under .no og .com. Konflikter kan dermed oppstå mellom fleire som meiner å ha rett til same domenenamn.
Fleire organisasjonar kan altså ha rett til same domenenamn på kvart sitt grunnlag. Nokre kan ha det som registrert varemerke, andre som føretaksnamn og andre igjen hevdar at det er innarbeida som deira varemerke. Alle desse kan ha like stor rett til domenenamnet, men berre éin kan få det registrert under .no-domenet eller eit anna domene. Her gjeld først til mølla-prinsippet.
Domenenamn under .no
Generiske toppdomene
Adressene på internett er delt inn i toppdomene
Toppdomene kan knytte seg til geografi eller dei kan vere såkalte generiske toppdomene (gTLDs).
I Noreg er .no det geografiske toppdomenet. Det finst regionale toppdomene som .eu, som også busette i Noreg kan registrere under, og det finst generiske toppdomene som .com, .info, .biz. ICANN har i tillegg åpna opp for ei rekkje nye toppdomene.
ICANN er den internasjonale organisasjonen som administrerer og tildeler generiske toppdomene. Norid administrerer .no-domenet.
Les meir om ICANN
Les meir om Norid