Motsegn patent
Ei motsegn angrip patentet si gyldigheit eller patentinnehavaren sin rett til oppfinninga. Motsegna kan føre til at patentet blir endra, oppheva eller overført til ein annan. Den som sender inn ei motsegn kallast innsigar.
Frist for levering
Fristen for å sende inn ei motsegn er ni (9) månader frå den dagen patentet blei meddelt. Det er unntak for motsegn som hevder at patentet strir mot offentleg orden eller moral, jf. patentloven § 1 b. Dei har utvida frist og må leverast innan tre (3) år frå patentet blei meddelt.
Pris
Å levere ei motsegn er gratis, med mindre du leverer ei motsegn med grunnlag i patentlova § 1 b (strir mot offentleg orden eller moral) etter at det er gått ni (9) månader. Da må du betale ei fastsett avgift. Sjå prislista.
I følgjande tilfelle kan du levere motsegn
- Viss du meiner patentet ikkje er gyldig fordi vilkåra i patentlova §§ 1 til 2 ikkje er oppfylt,
- Viss du meiner oppfinninga ikkje er beskreve så tydeleg at ein fagperson kan utøve ho jf. patentlova § 8, andre ledd, tredje til femte setning.
- Viss du meiner patentet omfattar noko som ikkje gjekk fram av søknaden da han blei levert, jf. patentlova § 13.
- Viss du meiner at patentet er meddelt til feil person, jf. patentlova § 1.
- Viss du meiner at patentet strir mot offentleg orden eller moral, jf. patentlova § 1 b.
Motsegna skal vere begrunna, og grunnen bør vere understøtta med til dømes publikasjonar.
Korleis skriv du ei motsegn?
Det er nokre formelle krav som gjeld for kva ei motsegn skal innehalde og korleis ho skal utformast.
- Ho må vere skriftleg.
- Ho skal vere på norsk, dansk eller svensk.
- Ho må vere motteke hos Patentstyret innan ni (9) månader etter at patentet motsegna gjeld blei meddelt.
- Den som meiner han/ho skulle hatt retten til patentet, må sjølv (personleg eller ved bruk av fullmektig) levere motsegna.
- Motsegna må vere signert av innsigar eller fullmektigen hans/hennar.
Innhald
- Namn og adresse til den som er innsigar, og namn og adresse til fullmektig viss du brukar det.
- Nummeret på patentet motsegna gjeld.
- Ei grunngjeving på kvifor du meiner patentet er ugyldig eller gitt til feil person.
- Nødvendig dokumentasjon for å underbyggje motsegna.
- Fullmakt ved bruk av fullmektig, viss ikkje fullmektigen er advokat eller advokatfullmektig og representerer innsigaren personleg.
Viss motsegna ikkje tilfredsstiller krava om at ho skal vere levert skriftleg, motteke innan fristen på ni (9) månader og vere begrunna ved levering, vil motsegna bli avvist. Da vil ho ikkje bli behandla.
Viss motesegna ikkje oppfyller dei formelle krava nevnt ovanfor, sender Patentstyret brev med ein (1) månads frist for å rette manglane. Viss du ikkje retter manglane innan fristen, vil vi avvise motsegna.
Viss det ikkje vert levert fullmakt, vil all vidare kommunikasjon foregå direkte med innsigaren.
For å levere eit motsegn til Patentstyret, tilrår vi å bruke skjemaet vårt for korrespondanse i Altinn. Dersom du ikkje kan bruke Altinn av ulike grunnar, kan du sende ein e-post til post@patentstyret.no.
Behandling av motsegn
Når Patentstyret har motteke ein motsegn blir denne sendt til innehavaren av patentet. Svarfristen for patentinnehavar er tre månaders og to veker etter fristens utløp.
Hovudregelen er at kravstillar og innehavaren skal uttale seg én gong kvar før Patentstyret avgjer saka, der sjølve motsegna blir rekna som ei fråsegn. Når innehavaren har svart, vil vi vurdere om det er nødvendig med ytterlegare fråsegner frå partane. Dette skjer berre unnataksvis.
Patentstyret kan likevel ta omsyn til forhold som ikkje er omhandla i motsegna (for eksempel nye mothald). Dersom det er tilfellet, skal partane få høve til å uttale seg om dette.
Når Patentstyret reknar saka som tilstrekkeleg opplyste sender vi brev til partane om at saka blir teken opp til avgjerd, og vi avgjer så saka i eit utval beståande av tre personar.
Vurderinga i ei motsegn er uavhengig av vurderinga som blei gjort då patentet blei kunngjort. Dette inneber at utvalet som skal behandle motsegna ikkje har teke del i tidlegare behandling av søknaden eller patentet.
Moglege utfall ved behandlinga av ei motsegn
- Motsegna blir forkasta, slik at det meddelte patentet blir oppretthalde uendra.
- Motsegna blir tatt til følgje, patentet opphevast.
- Motsegna blir delvis tatt til følgje, patentet oppretthaldast i endra form.
- Motsegna blir teke til følgje, og patentet blir overført til innsigaren i sin helheit, eller i form av ein ideell del om innsigaren er delvis berettiget til det.
Klage på avgjerd av ei motsegn
Viss motsegna eller delar av ho ikkje takast til følgje, kan innsigar klage avgjerda inn til Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR). Viss motsegna takast heilt eller delvis til følgje, kan innehavaren klage avgjerda inn til KFIR. Klagefristen er to (2) månader frå den dagen avgjerda blir sendt til partane. For å få klagen behandla må du betale ei klageavgift.
Dersom motsegna er grunna i at patentet er kunngjort til ein annan enn den som etter patentlova § 1 er berettiget til det, må eit eventuelt søksmål til domstolane om retten til patentet blir reist innan to (2) månader etter endeleg avgjerd frå Patentstyret eller KFIR blei sendt til parten.
Meir informasjon om Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR)
lenkje til Klagenemnda for industrielle rettigheter (KFIR)
Relevant regelverk
(lenkjer går til Lovdata)
- Patentlova §§ 24-27
- Patentforskrifta §§ 36-39
- Betalingsforskrifta § 30
- Patentstyrelova § 7
- Patentretningslinjene del D, kap.II (ligg på Patentstyret sine nettsider)