Pantsetjing av patent

Det er mogleg å pantsetje patent, patentsøknader og patentlisensar i Noreg.

Nye reglar krev at alle som har rettar knytta til eit patent må registrere desse for å vere sikra vern.

Både søknader, innvilga patent og registrerte patentlisensar kan pantsetjast. For å sikre panteretten må du registrere pantsetjinga hos Patentstyret.

Hovudformålet med høvet til pantsetjing er å gjere det enklare for oppstartsbedrifter utan moglegheit til kassakredittlån, og andre bedrifter som treng middel til utvikling av nye idear, å skaffe seg kapital ved å stille sikkerheit i sine patent, patentsøknader og lisensar.

Korleis registrere ei pantsetjing?

For at pantsetjinga skal bli registrert i patentregisteret, må du gi oss skriftleg beskjed om dette, anten i papirformat eller elektronisk via e-post eller Altinn. Patentstyret krev dokumentasjon for pantsetjinga for å registrere pantet. Ein kopi av panteavtalen vil normalt sett vere tilstrekkeleg dokumentasjon.

Gebyr for registrering av pant er kr 500 for registrering av eit pant i eit patent eller patentsøknad eller for registrering av pant i ein patentlisens. Viss fleire patent, patentsøknader eller patentlisensar skal vere sikkerheit for same krav, er gebyret kr 100 for kvar registrering ut over den første.

Skjemaet for «Krav om anmerkning om pant» (PDF)
Rettleiing til skjemaet (PDF)

For meir informasjon, sjå følgjande lovtekster på Lovdata:

Viktig å registrere rettane knytta til eit patent

Alle rettsstiftingar, som til dømes lisensar, pant og overdragingar får prioritet etter når dei blir registrerte i Patentstyret sine register.

Dette betyr til dømes at ein lisenstakar som ikkje har registrert denne lisensen, kan miste retten sin knytta til patentet viss ein seinare lisenstakar i god tru (dvs. utan å vere klar over at det allereie er avtalt lisens i patentet) registrerer sin rett, eller patentet seinare blir solgt og overdraginga blir registrert i patentregisteret utan at kjøparen er klar over lisensen.

Det er derfor viktig for lisenstakarar, panthavarar og andre å registrere rettane knytta til patentet. For meir informasjon, sjå patentlova § 44a.

Registrering av pant i patentregisteret er også nødvendig for å sikre panthavar sin rett i forhold knytte til pantsetjaren sitt konkursbu, sjå tinglysingslova § 23.

Ta gjerne kontakt med kundesenteret på telefon 22 38 73 33 viss du har spørsmål.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: