To personer på et laboratorium
Foto: iStockphoto

Arbeidstakaroppfinningar

Har du gjort ei oppfinning i samband med arbeidet ditt? Er du usikker på kva rettar du har til oppfinninga di? Eller er du arbeidsgivar og lurer på kva reglar som gjeld for oppfinningar gjort av arbeidstakarane dine?

Er du arbeidstakar?

Som arbeidstakar har du i utgangspunktet same rett til oppfinninga di som andre oppfinnarar har, men dette blir modifisert gjennom føresegner i lova om arbeidstakaroppfinningar.

Er du arbeidsgivar?

På visse vilkår gir lova om arbeidstakaroppfinningar arbeidsgivar rett til å overta eigedomsretten til oppfinninga eller ein bruksrett. Arbeidsgivaren sine moglegheiter til å overta oppfinninga blir fastsett blant anna ut frå kva slags oppgåver arbeidstakaren har i bedrifta og kor sterk tilknyting det er mellom oppfinninga og arbeidstakaren sine arbeidsoppgåver. I kva grad utnyttinga av oppfinninga fell innanfor verkeområdet til bedrifta, samt eventuelle avtalar arbeidstakaren har inngått med arbeidsgivaren, påverkar også arbeidsgivaren sin rett til å overta oppfinninga.

Universitet og høgskular sin rett til å overta oppfinningar gjorde av lærarar og vitskapleg personale blir avgrensa noko av den såkalla publiseringsretten.

Rett til godtgjersle?

Viss arbeidsgivar overtek eigarskap eller bruksrett til ei arbeidstakaroppfinning, har arbeidstakar krav på rimeleg godtgjersle såframt verdien av den retten arbeidsgivaren har overteke, overstig kva arbeidstakaren må forventast å yte ut frå lønn og andre gode som følgjer med stillinga. 

Ved fastsetjing av godtgjersla skal det særleg takast omsyn til::

  • verdien på oppfinninga 
  • omfanget av den retten arbeidsgivaren har overteke
  • vilkåra for tilsetjinga til arbeidstakaren og den tydinga tilsetjinga elles har hatt for at oppfinninga blei til

Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar kan hjelpe arbeidstakarar og arbeidsgivarar med å kome fram til ei løysing i tvistar. Per Kaare Nerdrum leia nemnda frå oktober 2013 til september 2018 og har skrive artikkelen «Hva er ”rimelig godtgjøring” for en arbeidstakeroppfinnelse i følge Meklingsnemnda?» (PDF)

Les meir om meklingsnemnda i neste avsnitt.

Er arbeidstakar og arbeidsgivar ueinige?

Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar

Meklingsnemnda kan hjelpe arbeidstakarar og arbeidsgivarar med å kome fram til ei løysing i tvistar.

Mekling er gratis, og utgiftene blir dekte av det offentlege. Å bruke meklingsnemnda er frivillig for partane.

Nemnda består av éin formann og to medlemer. Formannen er embetsdomar. Den eine medlemen er fast, og er sakkunnig i patentrett. Den andre medlemen har teknisk innsikt innanfor det aktuelle området oppfinninga tilhøyrer, og blir utnemnt for kvar enkelt sak.

Nemnda prøver å få i stand ei minneleg ordning mellom partane, blant anna ved framsetjing av forslag til forlik. Dersom forliket blir godteke av partane, får det same verknad som rettsforlik. Partane er ikkje forplikta til å godta forslaget til forlik. Ved eit eventuelt seinare søksmål vil nemndsbehandling erstatte mekling i forliksrådet.

Meklingsnemnda si verksemd er ikkje til offentleg innsyn, det vil seie at folk flest ikkje har rett til å sjå dokumenta i saka eller avgjerda til nemnda.

Sekretariatet for meklingsnemnda ligg hos Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR). Du kan lese meir på Meklingsnemndas nettsider. Der finn du også kontaktinformasjon.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kundesenteret vårt 

Du kan du også lese meir i Lov om arbeidstakeroppfinnelser (lenka går til Lovdata). 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: