Korleis skrive patentkrava sjølv
- Dei er vanskelege å skrive, lese og forstå
- Dei er kostbare å få skreve av profesjonelle
- Dei betyr alt i ei rettssak
- Dei finst i alle patent
Eg sikter sjølvsagt til "patentkrava" – sjølve grunnlaget for vurdering av einkvar patentsøknad. Etter mange år som saksbehandlar i Patentstyret har eg sett kor ugreie dei er å lykkast med for oppfinnarane. I denne guiden avslører eg nokre av knepa du bør kjenne til viss du skriv på eiga hand. Og kva ein hyttetur i 1960 kan føre til...
Før vi formulerer noko som helst; tenk deg tilbake til ein vinterdag i 1960 - før "knipetaka" var oppfunne. Snøen lavar ned. Du køyrer bil til hytta. I den siste bakken stoppar bilen av djup snø. Kjettingar, tenkjer du.... Etter mykje plunder sit kjettingane endeleg på, men opp bakken kjem du likevel ikkje!
Innsjå problemet ved det gamle produktet
Du blir irritert og innser at kjettingane ikkje eignar seg i djup snø. Monteringa er vanskeleg og effekten er dårleg.
Fastslå ideen din for å løyse problemet
På hytta grublar du over kjettingane si utilstrekkeligheit. Problemet lar seg kanskje løyse ved å eliminere kjettingane? Som den oppfinnar du er, får du ein glimrande idé! Til kona forklarar du det slik: "ei gripeklo som kan treast inn på hjulet og strammast raskt med eit handtak". Ei slik anordning kan nok eigne seg i djup snø og vil kunne løyse problemet.
Finn alle løysningar på ideen
Vel heime har du utvikla ei prinsippløysing på papiret. Du lagar ein prototyp, og blir stolt etter å ha prøvd han. Kollegaen din har blitt nysgjerrig på verkemåten. Over telefonen forklarar du det slik: "fire gripearmar dragast mot kvarandre og strammar over hjulet når ein dreier på eit tannhjul som er i kontakt med gripearmane". Dette blei uklart for kollegaen... Kor befinn tannhjulet seg? Kvifor roterer tannhjulet? Korleis kan armane forskyve seg? Du innser at dette var ei utilstrekkeleg oppskrift på oppfinninga di. For å få ei betre oversikt lister du heller opp eitt og eitt moment ved konstruksjonen din, kun dei obligatoriske og ubestridelege fakta om konstruksjonen (se figuren):

"Slurehindrande anordning for hjul til køyretøy" har blitt patentert i fleire land.
- gripearmane (16) er forskyvbart lagra i et hus (5)
- huset (5) er sentralt i forhold til hjulet (14)
- gripearmane (16) har gripebøyle (10) i ein ende
- gripearmane (16) har tenner (4) i den andre enden
- tannhjulet (7) er lagra i huset (5)
- tannhjulet (7) står i samband med gripearmane sine tenner (4)
- tannhjulet (7) kan rotera ved hjelp av eit handtak (13)
For å hindre etterlikningar som forsøker seg med variantar av grunntanken din, tenkjer du gjennom praktiske og moglege alternativ av løysninger. Du innser da at fire gripearmar er å foretrekke, men at to eller fleire enn fire også er mogleg. Det ytterlegare gripeorganet (20) reknar du ikkje som nødvendig for å løyse oppgåva, men som fordelaktig. Tilsvarande vil det vere for handtaket (13) som er fjærande og kan festast til gripearmane (16). Slike trekk tar du ikkje med i patentkrav 1.
Først nå er du klar til å forme patentkrav 1 som skal definere oppfinninga i si vidaste omfang. Husk at patentkrav 1 skal stå på eigne bein, vere sjølvstendig, og at teksten i sin heile definerer kva du søkjer verna!
Formulér nemninga
Dei første orda i patentkrav 1 skal fortelle kva dette gjeld. Du bør unngå ord som "gripebøyler" som angir nyheita, "bilhjul" som i prinsippet berre gjeld bil, "knipetak" som er varemerke, "snø" som utelukker sand, eller "som kan brukast i djup snø" som angir den nye verknaden. Eg foreslår at du skriv "slurehindrande anordning for hjul til køyretøy". Denne er kort, sakleg og forståeleg for alle, er sett inn i kategorien "anordningar", og generaliserer ved å bruke uttrykk frå den næraste overordna teknikken.
Formulér det kjende
Denne delen av patentkravet skal gjere rede for kva tekniske trekk ved oppfinninga di som var kjend før du søkjer om patent. Det blir som å innrømme at delar av oppfinninga di faktisk var kjend, slik at ein lettare skal oppfatte kva som er det spesielt nye ved oppfinninga. Vanlegvis brukast det nærastliggande patentskriftet til å fastslå kva som må innrømmast som kjent ved oppfinninga di.
Ditt kjente utgangspunkt er "kjettingar". Sidan knipetak ikkje vedkjem kjettingar direkte, kan du ikkje bruke "kjettingar" direkte i kravet, men må generalisere. Eg foreslår formuleringa "eit organ med gripemiddel som er kan festast rundt hjulet for å auke friksjonen mot underlaget", som også er gyldig for utføringsformane dine. Denne formuleringa fortel kva som er felles for kjettingar og knipetak, men berre det som er obligatorisk for at oppfinninga skal utgjere ei fungerande løysing på problemet. I motsatt fall vil du overbestemme patentkravet og svekke patentet. Å oppgi "organ av stål" i staden for "organ" vil i prinsippet kunne omgåast ved andre material enn stål.
Formulér det nye
Denne delen av patentkravet innleiast som regel med orda "karakterisert ved". Så gjeld det å formulere dei nye og generelle prinsippa som er nødvendig for at oppfinninga kan fungere og løyse problemet ditt. Med prinsipp meiner eg dei tekniske midla som direkte bidreg til problemløysninga. Finst det alternative løysingar (altså utføringsformer) ved oppfinninga di, skal desse generalisast her - for sidan å konkretiserast i patentkrav 2, 3, 4, osv. Det som er ein føresetnad for at oppfinninga kan fungere og løyse problemet, har du stort sett lista opp i avsnittet om løysingar. Du kan trekkje nokre av momenta saman der det passar. Hugs å generalisere antalet gripearmar som kunne vere to eller fleire, bruk eksempelvis "minst to".
Patentkrav 1
Ved å setje saman forklaringa, det kjende og det nye, får du:
1. Slurehindrande anordning for hjul (14) til køyretøy, i form av eit organ med gripemiddel som kan festast rundt hjulet (14) for å auke friksjonen mot underlaget (21), k a r a k t e r i s e r t v e d at minst to gripearmar (16) er forskyvbart lagra i eit hus (5) som er sentralt i forhold til hjulet (14), at kvar gripearm (16) har ei gripebøyle (10) i den ene enden og tenner (4) i den andre, at eit tannhjul (7) som er lagra i huset (5) står i samanheng med gripearmanes tenner (4), og at tannhjulet (7) kan roterast ved hjelp av eit handtak (13).
Patentkrav 2, 3, 4...
Dette er utføringsformer eller presiseringar som oppgir ytterlegare trekk av det som er oppgitt i patentkrav 1, og skal vise direkte eller indirekte til patentkrav 1. Desse usjølvstendige krava vil derfor beskrive element ved oppfinninga som riktignok ikkje er obligatoriske, men som oppgir forskjellige fordelaktige utføringsformer. Dei vil utgjere retrettkrav dersom patentkrav 1 blir angripe. Sjå på figuren og list opp moment som kan vere nye, eksempelvis:
2. Slurehindrande anordning i følgje krav 1, ved at det brukast fire gripearmar (16) slik at desse dannar eit kryss etter montering på hjulet.
3. Slurehindrande anordning i følgje krav 1-2, ved at kvar gripearm (16) er utstyrt med eit ytterlegare gripeelement (20).
4. Slurehindrande anordning i følgje krav 1-3, ved at handtaket (13) omfattar ei spiralfjær.
5. Slurehindrende anordning i følgje krav 1-4, ved at handtaket (13) kan festast til ein av gripearmane (16).
Turen til hytta ga deg problemet. Så fekk du ideen, så kom løysninga, og nå har du utforma patentkrava. Sistnemnde vil vere eit naturleg utgangspunkt for å formulere resten av patentsøknaden. Viss du lykkast med eigeninnsatsen har du lagt forholda til rette for ei rask avgjerd av søknaden. I beste fall kan du få patent allereie eitt år etter at du har levert søknaden. Endeleg skal du vite at du har alt å vinne på at patentkrava verken omfattar meir, er vidare, enn det som det er grunnlag for, eller omfattar mindre, er snevrare, enn det du har rett til å få beskytta.
Patentkrava sitt innhald
Bruk enklast mogleg språkform, beskriv midla - ikkje verknaden eller det som blir oppnådd (som ikkje oppgir den nye teknikken som brukast), unngå ubestemte ord, bruk generelle ord som "festemiddel" framfor spesifikke som "skrue", beskriv løysingar – ikkje oppgåva, bruk eintydige omgrep, bruk den normale og mest kjente tydinga av ord, bruk eit usjølvstendig krav per moment, sjølvstendige krav skal gi ei sjølvstendig teknisk meining utan behov for å sjå på teikningar eller beskriving for forståing – unngå derfor "som beskreve" eller "som vist på figur 2", unngå relative omgrep som "vid" o.l. med mindre desse orda er velkjende omgrep innan det aktuelle fagområdet, unngå nektingar, unngå fordelar/ulemper, unngå beskrivande tekst, færre detaljar gir generelt betre vern mot etterlikning.
Patentkrava si form
Kvart krav skrivast i ein enaste setning – da alle trekka er saman om å definere oppfinninga, "karakterisert ved" skrives i s p e r r a skrift, bruk aktiv form - eksempelvis "er" , bruk talreferansar til figurane for å lette forståinga - til dømes "organ (4)", bruk like nemningar/talnemningar på like delar, bestemte rettleiingar skal ha ein forgjengar i ubestemt form, bruk lik nemning i sjølvstendige og usjølvstendige krav, unngå tekst i parentes, usjølvstendige krav skal alltid vise til eit eller fleire andre krav, nummererast i rekkefølgje, maskinskrivast på eige ark.
Teksten er skreve av sjefsingeniør Øystein Skalland og er tidlegare publisert i bladet Gründer.